Øre kyrkje er ei krosskyrkje frå 1865 som står i Skeisdalen i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal fylke. Bygget er i lafta tømmer og har 330 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Gustav Olsen frå Trondheim.[1]

Øre kyrkje
kyrkje
Foto: Halvard Hatlen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Nordmøre
Sokn Øre
Fellesråd Gjemnes
Stad Skeisdalen i Gjemnes kommune
Type krosskyrkje
Arkitekt Gustav Olsen
Teknikk lafta tømmer
Material tre
Innvigd 1865
Klokker to kyrkjeklokker
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Altartavle Frå 1906 av Marie Hauge
Sitjeplassar 330
Diverse Gamalt trekross med Kristusfigur
Gallerier
Kart
Øre kyrkje
62°55′12″N 7°45′15″E / 62.92°N 7.7542°E / 62.92; 7.7542
Wikimedia Commons: Øre kirke

I tårnet finst to kyrkjeklokker, den eldste frå 1759 og den andre frå 1865. Den eldste er av Steen & Borchardsen og har ei inskripsjon: "Soli deo Gloria". Den andre er frå Nidelvens verk.[2]

Øre er ein gamal kyrkjestad og her har tidlegare stått ei stavkyrkje. Kyrkjegarden er frå mellomalderen og automatisk freda.[3]

Altartavla er frå 1906 med motivet Jesus i Getsemane. Ho er måla av Marie Hauge. Kyrkja har og eit gamalt trekross med Kristusfigur.[2]

Øre kyrkje er soknekyrkje i Øre sokn i Indre Nordmøre prosti.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Øre kyrkje». Kyrkjesøk. Henta 28. mai 2015. 
  2. 2,0 2,1 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Øre kirke». Våre kirker - Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 276. ISBN 82-7527-022-7. 
  3. «Øre kirkested». Riksantikvaren, kulturminnesok.no. Henta 28. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  • Øre kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren