Skeise-VM 1969 for kvinner
Verdsmeisterskapen på skeiser 1969 for kvinner fann stad i Grenoble i Frankrike dagane 1. og 2. februar 1969. 29 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei tre frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.
Lasma Kauniste frå Sovjetunionen vart verdsmeister framom tittelsforsvararen Stien Kaiser frå Nederland. Norske Kirsti Biermann fekk bestetid på 500 m, Stien Kaiser på 1500 m, Lasma Kauniste på 1000 m og nederlandske Ans Schut på 3 000 meter.
Skeise-VM 1969
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Lasma Kauniste | Sovjetunionen | 189,567 | |
Stien Kaiser | Nederland | 190,484 | |
Ans Schut | Nederland | 190,584 | |
4 | Ruth Schleiermacher | Aust-Tyskland | 191,800 |
5 | Ljudmila Mokhnasjeva | Sovjetunionen | 191,883 |
6 | Wil Burgmeijer | Nederland | 192,417 |
7 | Kirsti Biermann | Noreg | 192,550 |
8 | Ljudmila J. Titova | Sovjetunionen | 192,817 |
Dato: 1./2. februar 1969