Ljudmila J. Titova

Ljudmila Jevgenjevna Titova (fødd 26. mars 1946) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Tsjita i Sibir som representerte Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 500 meter i 1968 og sprint-verdsmeister i 1970.

Ljudmila J. Titova


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 26. mars 1946 (78 år)
Tsjita
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1976, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1972 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 1000 meter damer
Utmerkingar Medaljen for utmerket arbeid, «Arbeidets helt«-medaljen, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Titova kom på andreplassen i sovjet-meisterskapen 1966 i Sverdlovsk. OL-sesongen 1968 vart ho sovjetisk meister i firkamp Alma-Ata, før ho under OL 1968 i Grenoble tok gullmedaljen på 500 og fekk sølv på 1000 meter. Under den aller fyrste verdsmeisterskapen i sprint, halden i West Allis i 1970, gjekk ho heilt til topps. 1971-sesongen vart ho nummer to både i sovjetmeisterskapen i Sverdlovsk og i europameisterskapen i Leningrad, medan ho hamna på bronseplassen då firkamp-VM fann stad i Helsinki. Vinteren 1972 tok ho bronsemedaljen på 500 meter under vinterleikane i Sapporo og ho kom også på bronseplassen ved sprint-VM i Eskilstuna. I 1975 vart ho for tredje gong nummer to i den sovjetiske meisterskapen. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck avslutta Titova si internasjonale skeisekarriere med ein sjuandeplass på 1000 meter.

Kjelder

endre