Skeise-VM 1981 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1981 for kvinner fann stad i Sainte-Foy ved Québec i Canada helga 6. og 7. februar 1981. 30 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei tre frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Tittelforsvarar Natalja Petrusjova frå Sovjetunionen fekk bestetid på dei to kortaste distansane og vart verdsmeister framom Karin Enke frå Aust-Tyskland som vann 1500 m. Sovjetiske Olga Plesjkova sigra på den avsluttande 3000-meteren.

Resultat endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Natalja Petrusjova   Sovjetunionen 178,947
  Karin Enke   Aust-Tyskland 180,266
  Sarah Docter   USA 182,441
4 Bjørg Eva Jensen   Noreg 182,485
5 Irina Mikhailova   Sovjetunionen 183,196
6 Olga Plesjkova   Sovjetunionen 183,254
7 Erwina Ryś-Ferens   Polen 183,953
8 Svetlana Katsjuk   Sovjetunionen 184,280

Kjelder endre