Erwina Ryś-Ferens

Erwina Lilia Ryś-Ferens (19. januar 195520. april 2022) var ein polsk skeiseløpar frå Elbląg som vann to bronsemedaljar i sprint-VM og ein i firkamp-VM. Ho var frå 1977 gift med skeiseløparen Krzysztof Ferens.

Erwina Ryś-Ferens


Statsborgarskap Polen
Fødd 19. januar 1955
Elbląg
Død

20. april 2022 (67 år)

Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980

Erwina Ryś-Ferens deltok i internasjonale meisterskap frå 1972 til og med 1989. Ho vann i 1974 juniormeisterskapen og kom på femteplass i firkamp-VM 1974 i Heerenveen. Både i 1978 og 1985 tok ho tredjeplassen i sprint-VM. I 1988 gjorde ho sin beste prestasjon i eit firkamp-VM då ho i Skien vart slått einast av verdsmeister Karin Kania-Enke og Yvonne van Gennip. Ryś-Ferens tok del i samtlege fire olympiske vinterleikar 1976-88, der ho som best oppnådde ein femteplass i såvel 1980, 1984 som 1988.

Bakgrunnsstoff endre