Skeise-VM 1983 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1983 for kvinner fann stad i Karl-Marx-Stadt i dåverande Aust-Tyskland helga 19. og 20. februar 1983. 32 utøvarar frå 12 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod for fyrste gong siden VM 1955 av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Andrea Mitscherlich frå Aust-Tyskland fekk bestetid på dei tre lengste distansane og vart verdsmeister framom tittelforsvarar og landskvinne Karin Enke. Natalja Sjive-Glebova frå Sovjetunionen gjekk den snøggaste 500-meteren.

Resultat endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Andrea Mitscherlich   Aust-Tyskland 178,983
  Karin Enke   Aust-Tyskland 181,472
  Valentina Lalenkova   Sovjetunionen 182,163
4 Gabi Schönbrunn   Aust-Tyskland 182,571
5 Svetlana Katsjuk   Sovjetunionen 182,572
6 Sabine Brehm   Aust-Tyskland 183,180
7 Bjørg Eva Jensen   Noreg 183,399
8 Natalja Sjive-Glebova   Sovjetunionen 183,846

Kjelder endre