Skeise-VM 1990 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1990 for menn vart avvikla i Innsbruck helga 17. og 18. februar. 37 utøvarar frå 18 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.

Johann Olav Koss frå Noreg vart verdsmeister, på dei neste fire plassane kom dei nederlandske deltakarane. Bae Ki-tae frå Sør-Korea gjekk fortast på 500 m, nederlendaren Ben van der Burg fekk bestetid på 1500 m, medan hans landsmann Bart Veldkamp sigra på både 5000 og 10000 meter.

Skeise-VM 1990 endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Johann Olav Koss  Noreg 164,099
Sølv Ben van der Burg  Nederland 164,489
Bronse Bart Veldkamp  Nederland 164,648
4 Gerard Kemkers  Nederland 165,471
5 Thomas Bos  Nederland 166,816
6 Geir Karlstad  Noreg 166,931
7 Michael Hadschieff  Austerrike 167,108
8 Joakim Karlberg  Sverige 168,097
9 Danny Kah  Australia 168,455
10 Ådne Søndrål  Noreg 168,850

Dato: 17./18. februar 1990

Kjelder endre