Skeise-VM 1991 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1991 for kvinner vart avvikla på Hamar stadion i Noreg helga 2. og 3. februar 1991. 31 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei einast Else Ragni Yttredal frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Gunda Kleemann frå Aust-Tyskland vart verdsmeister etter å ha fått bestetid på dei tre lengste distansane, medan kinesiske Ye Qiaobo gjekk den snøggaste 500-meteren.

Skeise-VM 1991

endre
Plass Utøvar Land Poeng
Gull Gunda Kleemann  Aust-Tyskland 171,364
Sølv Lia van Schie  Nederland 172,037
Bronse Heike Schalling  Aust-Tyskland 172,509
4 Seiko Hashimoto  Japan 173,451
5 Yvonne van Gennip  Nederland 173,804
6 Svetlana Bojko  Sovjetunionen 173,915
7 Ulrike Adeberg  Aust-Tyskland 174,253
8 Natalja Polozjkova  Sovjetunionen 174,335

Dato: 2./3. februar 1991

Kjelder

endre