Skeise-VM 1995 for menn
Verdsmeisterskapen på skeiser 1995 for menn vart avvikla i Baselga di Piné i Trento-provinsen i Italia helga 11. og 12. februar. 35 utøvarar frå 19 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.
Rintje Ritsma frå Nederland vart verdsmeister, etter å ha vunne både 1500 meter og 10 000 m på meisterskapens andre dag. Om laurdagen gjekk Hiroyuki Nozaki frå Japan den kjappaste 500-meteren, før Frank Dittrich som representerte Tyskland fekk bestetid på 5 000 m.
Skeise-VM 1995
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Rintje Ritsma | Nederland | 160,992 | |
Keiji Shirahata | Japan | 161,864 | |
Roberto Sighel | Italia | 162,851 | |
4 | Takahiro Nozaki | Japan | 163,110 |
5 | Dave Tamburrino | USA | 163,603 |
6 | Andrej Anufrijenko | Russland | 163,614 |
7 | Hiroyuki Noake | Japan | 163,897 |
8 | Neal Marshall | Canada | 164,132 |
Dato: 11./12. februar 1995
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround mannen 1995» frå Wikipedia på nederlandsk, den 10. desember 2020.