Provinsen Trento[a] er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Byen Trento hyser provins-administrasjonen. Provinsen har eit areal på 6 207 km² og totalt 541 098 innbyggjarar i 2018. I 2013 er det 217 kommunar i provinsen.

Trento
provins
Symbol
Land  Italia
Region Trentino-Alto Adige
Hovudstad Trento
Areal 6 207 km²
Folketal 541 098 (31. desember 2018)[1]
Postnummer 38100
Retningsnummer 0461–0465
Bilnummer TN
Kart
Provinsen Trento
46°03′59″N 11°07′33″E / 46.0664228°N 11.1257601°E / 46.0664228; 11.1257601
Kart som viser Trento-provinsen.
Kart som viser Trento-provinsen.
Kart som viser Trento-provinsen.
Wikimedia Commons: Province of Trento

Regionen er kjend for fjella sine, som t.d. Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.

Geografi

endre

Nesten heile provinsen Trento er dekt av fjell, med ein stor dal som kryssar dei sentrale områda. Dalen heiter Valle dell'Adige (Adigedalen), kalla opp etter elva Adige som renn gjennom han. Dei største byane i Trentino ligg i Adigedalen, som i alle tider har vore ein av dei store gjennomfartsårane mellom Italia og Nord-Europa. Andre dalar i provinsen er Val di Non, Val di Sole, Val Giudicarie, Val di Fiemme og mange andre.

 
Marmoladabreen.

Dei største kommunane i provinsen:

Kommune Folketal
Trento 110 666
Rovereto 35 231
Pergine Valsugana 18 012
Arco 15 649
Riva del Garda 15 157
Mori 8 833
Lavis 8 157
Ala 8 071
Levico Terme 6 767
Cles 6 714
Borgo Valsugana 6 570
Mezzolombardo 6 339

Merknader

endre
  1. italiensk Provincia autonoma di Trento, Den autonome provinsen Trento

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Trento-provinsen