Skellefteå
Skellefteå er ein svensk tettstad som ligg i Västerbottens län i Västerbotten. Han er administrasjonssenter i Skellefteå kommun. I 2007 hadde han 35 525 innbyggjarar.
Skellefteå | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Västerbottens län | ||
Kommune | Skellefteå kommun | ||
![]() Skellefteå | |||
Wikimedia Commons: Skellefteå | |||
Skellefteå blei skipa i 1845 og voks raskt etter utbygginga av malmfelta i Boliden frå 1920-åra. Han ligg på begge sider av Skellefteälven. Skellefteå er ein industristad med smelteverk, treforedlingsindustri, mekaniske verkstader og produksjon av datautstyr, elektronikk og industrigummi.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Skellefteå» frå Wikipedia på bokmål, den 3. august 2012.