Skhinoúsa
Lokalt namn Σχοινούσα

Geografi
Skhinoúsa is located in Hellas
Skhinoúsa (Hellas)
Stad Kykladane
Koordinatar 36°52′N 25°31′E / 36.867°N 25.517°E / 36.867; 25.517

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Náxos og dei små Kykladane
Hovudsete Skhinoúsa (211 innb.)
Demografi
Folketal 229 (2021[1])

Skhinoúsa (gresk Σχοινούσα) er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho har eit areal på 8,5 km², er 5,5 km lang og på det breiaste 4 km.

Skhinoúsa var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Skhinoúsa 229 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 211 innbyggjarar.[1]

Øya ligg mellom Iráklia og Kéros, og like sør for Náxos.

Kjelder endre

Referansar endre


  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.