Opna hovudmenyen

Ski- og Ballklubben Skiold er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Strømsø i Drammen kommune, stifta 7. juni 1910. Laget er aktivt i fotball og innebandy, tidlegare har også bandy og ishockey stått på programmet. Både i 1939 og 1957 vann Skiold noregsmeisterskapen i bandy.

Skiold har hatt Marienlyst stadion til heimebane sidan 1924. Laget spelar i raude trøyer og strømper, samt kvite bukser.

Skiold var med i norsk bandy frå 1920 til 1997, då bandyavdelinga gjekk inn i nydanninga Drammen Bandy. Gjennom delar av 1960-70-åra hadde klubben også eit ishockeylag.

KjelderEndra