Skinke
Skinke viser vanlegvis til låret av svin og tilreidde former av dette, som kokt skinke, salt og/eller røykt skinke. Det kan også visa til bjørneskinke.
Skinke kan tilreiast fersk og serverast som til dømes skinkesteik eller skinkerull. Ho kan reinskjerast og kokast og deretter som pålegg med namnet kokt skinke.
Skinke er ei ettertrakta matvare, og mange stader finst strenge reglar for kva som kan kallast dette. Fleire produkt har også geografisk namnevern, som parmaskinke (Prosciutto di Parma) i Europa og Smithfield ham i USA.
Skinke i kunsten
endre-
Le jambon (Félix Vallotton, 1918).
-
Le jambon (Édouard Manet, c. 1875).
-
Le jambon (Paul Gauguin, 1889).
Nokre skinketypar
endreKjelder
endre«skinke» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Skinke» frå Wikipedia på bokmål, og «Ham» frå Wikipedia på engelsk den 11. juni 2017.