Pålegg er ei samlenemning på matprodukt som leggast på ei brødskive, eit knekkebrød eller liknande. Vanlege pålegg er syltetøy, ost og kjøtpålegg (som til dømes fårepølse, skinke og liknande).[1]

Rista brød med rømme og pepar som pålegg.

Ordet «pålegg» er utleia av «å legge på,» altso at det er funksjonen til matproduktet, det å legge det på brød, som definerer kva som er pålegg. Det er ikkje fysiske eigenskapar ved pålegget som er avgjerande. For eksempel er syltetøy pålegg når ein brukar på brødskiver, men ikkje når ein brukar som tilbehøyr til middag.

Mange andre språk, som engelsk, har ikkje noko omgrep som viser til «kva som helst som ein kan ha på ei brødskive», så ordet dukkar jamleg opp på lister over ord ein ikkje kan omsetja.[2][3]

Døme på pålegg endre

Kjelder endre

  1. «pålegg» i Nynorskordboka.
  2. «10 untranslatable Norwegian terms». Matador Network (på engelsk). Henta 6. april 2018. 
  3. «14 Wonderful Words With No English Equivalent» (på engelsk). 4. oktober 2011. Henta 6. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pålegg
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.