Frank «Skip» Konte (fødd i 1944) er ein USA-amerikansk klaverspelar.[1] Han vart med i The Blues Image i 1967, og vart hos dei til dei vart splitta i 1971.[2] Saman med bandkollega Mike Pinera skreiv han deira einaste hit, «Ride Captain Ride». Konta vart deretter med i Three Dog Night som andre klaverspelar i 1973, og slutta i 1976.[3] Han har sidan vorte plateprodusent.[4] Han har i seinare år arbeidd med ein sci-fi-film med tittelen Meridian.[5] Han blir nokre gonger omtalt som «Wizard of all Northern Realms».[6]

Skip Konte
Fødd1944 (80 år)
OpphavUSA
Instrumenttangentinstrument
Verka somklaverspelar

Kjelder endre

  1. «Allmusic.com Frank Konte». Henta 20. april 2011. 
  2. «classicwebs The Blue Image». Henta 20. april 2011. 
  3. «classicwebs Three Dog Night». Henta 20. april 2011. 
  4. «Konte Media Profile». Henta 20. april 2011. 
  5. «Meridian Official Website». Henta 20. april 2011. 
  6. «VinylRecords.ca». Henta 20. april 2011.