Skiskyting

(Omdirigert frå Skiskyttar)

Skiskyting er ein vinteridrett som er sett saman av fristil-varianten av langrenn og skyting med rifle.

Skiskyttaren Andrea Nahrgang under vinter-OL 2002.

Historikk endre

Idretten har utspring i militærtrening for soldatar, kjend som militært patruljeløp. Øvinga blei utbreidd i dei nordiske landa, og i vinter-OL i 1924 var skiskyting med som demonstrasjonsgrein under namnet «militært patruljeløp». Det var han òg i 1928, 1936 og 1948, men idretten blei ikkje ei offisielt godkjend grein på grunn av få deltakande nasjonar og usemje om reglane.

Det første verdsmeisterskapen i skiskyting blei arrangert i 1958 i Austerrike, og i 1960 kom ho endeleg med i OL.

Bakgrunnsstoff endre