Skittenfjorden
fjord i Gamvik kommune
Skittenfjorden er ein fjord i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km sørvestover til Austerbotnen.
Skittenfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Gamvik | ||
Skittenfjorden 71°04′13″N 27°58′54″E / 71.070181°N 27.981797°E |
Fjorden har innløp mellom Kamøynæringen i vest og Bispen i aust. Vest for Kamøynæringen ligg Mehamnfjorden og aust for Bispen ligg Sandfjorden. Det ligg spreidde bygg ved fjorden. Inst i fjorden ligg to vågar, Vesterbotnen og Austerbotnen.
71°4′33.820″N 27°59′27.974″E / 71.07606111°N 27.99110389°E