Skjaldbreiður

Skjaldbreiður (Breitt skjold på norsk) er ein vulkanIsland som har gjeve opphavet til namnet på vulkantypen skjoldvulkan. Han vart danna under eit svært utbrot for om lag 9000 år sidan. Den omfattande lavasletta vart òg danna under dette utbrotet, rann sørover og danna bassenget Þingvallavatn, den største innsjøen på Island, og Þingvellir der Alþingi vart grunnlagd i 930.

Skjaldbreiður
vulkan
Skjaldbreidur Herbst 2004.jpg
Skjaldbreiður sett frå Þingvellir
Land Flag of Iceland.svg Island
Vulkantype Skjoldvulkan
Høgd 1 060 moh.
Bergartar frå 9 000 år
Koordinatar 64°24′36″N 20°45′44″WKoordinatar: 64°24′36″N 20°45′44″W

Skjaldbreiður
64°24′36″ N 20°45′44″ W
Wikimedia Commons: Skjaldbreiður

Vulkanen er 1 060 meter over havet og krateret er om lag 300 meter i diameter.

Lavasletta frå Skjaldbreiður ligg over Det midtatlantiske ryggen og har vorte vridd og rive laus gjennom tusenåra og danna mange sprekker innanfor Þingvellir nasjonalpark. Dei mest kjende av desse er Almannagjá, Hrafnagjá og Flosagjá.

Sjå ògEndra

KjeldeEndra

  • Scarth, Alwyn og Tanguy, Jean-Claude (2001). Volcanoes of Europe. Oxford University Press. s. 243. ISBN 0-19-521754-3. 
  • Thordarson, Thor og Hoskuldsson, Armann (2002). Iceland (Classic Geology in Europe 3). Terra Publishing. s. 208. ISBN 1-903544-06-8.