Skjerjevatnet
Skjerjevatnet et eit vatn i Gulen kommune i Vestland. Det ligg nord for Kvanngrødvarden og like vest for kommunegrensa til Høyanger. Høgda over havet er 701 meter og vatnet har eit areal på 0,46 km².[1]
Skjerjevatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Utløp | Storelva | ||
Nedslagsfelt | 1,76 km² | ||
Høgd over havet | 701 moh. | ||
Areal | 0,46 km² | ||
Koordinatar | 60°59′35″N 05°36′55″E / 60.99306°N 5.61528°E | ||
Skjerjevatnet 60°59′35″N 5°36′55″E / 60.993056°N 5.615278°E |
Vatnets naturlege utløp er mot nord til Storelva, men vassføringa frå vatnet har sidan 1960-talet vore overført til Årnesvatna og vidare til Matresvassdraget for å bli nytta til kraftproduksjon i Matre kraftverk. Skjerjevatnet er ikkje regulert, ut over overføringa. Vatnet som blir overført tilsvarar ei middelvassføring på 0,26 m³/s, noko som utgjer 5% av Storelvas vassføring ved munningen i Indre Oppedal.[1]
I likskap med andre vassdrag i området vart Indre Oppedalselva negativt påverka av sur nedbør, særleg i dei høgareliggande delane av nedbørfeltet, der det på 1980-talet vart registrert reduserte fiskebestandar.[2] Undersøkingar i seinare år har likevel vist ei betring og tildels normalisering av tilhøva.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
- ↑ Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
- ↑ Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, s.93, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4