Skjerstad

tidlegare kommune i Nordland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Skjerstad kommune)

Skjerstad er ein tidlegare kommune i Nordland fylke. 1. januar 2005 vart Skjerstad innlemma i Bodø kommune, med servicetorg i Misvær. Den 1. januar 2004 hadde kommunen 1 030 innbyggjarar.

Området ligg sør for Skjerstadfjorden, som er den midterste delen av Saltfjorden, som skjer seg inn frå Bodø. Skjerstadfjorden er 32 km lang og opp til 8 km brei. Frå sør går den 16 km lange Misværfjorden opp til Skjerstadfjorden. Området er svært berglendt, og Lurfjelltind når 1284 meter over havet.