Skogeieren var fram til 2011 medlemsbladet for Norges Skogeierforbund, då namnet vart endrea til «Skog» [1].

Tidsskriftet vart etablert som eit aksjeselskap 7. februar 1914, og første nummer kom ut 1. april 1914. Den første redaktøren var Kr. Aug. Horne, og bladet kom ut to gonger for månaden. I 1933 vart aksjeselskapet oppløyst, og bladet vart omgjort til eit medlemsblad for Norges Skogeierforbund. Bladet har sidan komme ut som eit månadstidsskrift.[2] Bladet redaksjoinelle mål er i dag å dekkje fagfelta skogbruk, skogindustri og utmarksbruk i vid forstand. Skogeieren kjem ut med 11 nummer for året i et opplag på 44 800.[3]

ReferansarEndra

  1. Nymann, B., Skogeieren ble Skog, Fagpressenytt, 3/10-2011.
  2. Kåre Weduld: «Skogeieren» i Under kroners tak 1988 ISBN 82-90203-06-3
  3. Norges skogeierforbund