Skoltesamisk fonologi
Skoltesamisk fonologi, eller skoltesamisk lydlære, er grammatikken til språklydane i skoltesamisk.
Vokalar
endreSkoltesamisk har eit rikt vokalsystem, med 10 vokalar fordelt over 4 ulike opningsgradar. Alle vokalane kan i tillegg vere korte eller lange.
fremre | midtre | bakre | |
---|---|---|---|
trong | i (i) | u (u) | |
halvtrong | e (e) | ɘ (õ) | o (o) |
halvopen | ɛ (e) | ɐ (â) | ɔ (å) |
open | a (ä) | ɑ (a) |
Vokalane kan danne 12 ulike diftongar. Alle diftongane er fallande. Dei har enten i, u eller e som initial vokal. Åtte av diftongane dannar to parallelle system, der dei høge vokalane i og u har dei fremre og midtre halvtronge og halvopne vokalane e, ɛ, ɘ, ɐ som andre komponent.
fremre | fremre og midtre | bakre og fremre | bakre og midtre | bakre | |
---|---|---|---|---|---|
trong og halvtrong | ie (ie) | iɘ (iõ) | ue (ue) | uɘ (uõ) | |
trong og halvopen | iɛ (ie) | iɐ (iâ) | uɛ (ue) | uɐ (uâ) | uɔ (uå) |
trong og open | ua (uä) | ||||
halvtrong og halvopen | eɐ (eâ) | ||||
halvtrong og open | ea (ea) |
Vokalane kan også vere korte eller lange, sjølv om det ikkje kjem fram av skriftspråket.
Konsonantar
endreKonsonantane i skoltesamisk går fram av denne tabellen. Skriftspråket sin versjon av lydane står i parantes.
labial | dental / alveolar | postalveolar | palatal | velar | |
---|---|---|---|---|---|
nasal | m (m) | n (n) | nʲ (nj) | ŋ (ŋ) | |
ustemd klusil ¹ | p (p) | t (t) | k (k) | ||
stemd klusil ² | b (b) | d (d) | g (g) | ||
ustemd affrikat ¹ | t͡s (c) | t͡ʃ (č) | c͡ç (ǩ) | ||
stemd affrikat ² | d͡z (ʒ) | d͡ʒ (ǯ) | ɟ͡ʝ (ǧ) | ||
ustemd sibilant | s (s) | ʃ (š) | |||
stemd sibilant | z (z) | ʒ (ž) | |||
ustemd frikativ | f (f) | x (h)³ | |||
stemd frikativ | v (v) | ð (đ) | ʝ (j) | ɣ (ǥ) | |
vibrant | r (r) | ||||
lateral | l (l) | lʲ (lj) | |||
halvvokalar | w (u) | j (i) |
- ¹Ustemde klusilar og affrikatar blir uttala aspirert etter vokalar og sonorante konsonantar.
- ²Stemde klusilar og affrikatar blir uttalt svakt stemd.
- ³Lyden / x / har også allofonen [ h ] initialt.
Konsonantane kan vere både korte og lange (geminatar) ordmedialt og -finalt, begge er vanlege. Konsonantlengd er det mogleg å skilje også i konsonantrekkjer, ikkje berre mellom vokalar: kuõskkâd ’røre’ : kuõskam ’eg rører’.
Suprasegmental fonologi
endreEin suprasegmental fonologisk prosess er ein prosess som involverer meir enn eitt segment, dvs. meir enn ein lyd.
Skoltesamisk stavingsstruktur
endreDen sentrale suprasegmentale prosessen i skoltesamisk er palatalisering. Stavingar kan vere palataliserte eller upalataliserte. Viss dei er palatalisert er dei markert med palataliseringsteiknet ʹ mellom kjerne (vokal) og koda (utlyd) i stavinga.
Litteratur
endre- Feist, Tim (2015): A grammar of Skolt Saami. Mémoires de la Société Finno-Ougrienne 273.