Skoltesamisk

samisk språk

Skoltesamisk eller austsamisk er eit austsamisk språk i den uralske språkfamilien, som blir snakka av om lag 400 menneske.

Skoltesamisk/austsamisk
sääʹmǩiõll
Klassifisering uralske språk
 finsk-ugriske språk
  samiske språk
  austsamiske språk
   Skoltesamisk
Talarar Skoltesamar
Bruk
Tala i Finland, Russland
Område Enare kommune
Skoltesamisk/austsamisktalande i alt 400
Rangering «Ikkje topp-100»
Skriftsystem latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Enare kommune
Normert av Forskningscentralen för de inhemska språken
Språkkodar
ISO 639-2 sms
ISO 639-3 sms
Glottolog skol1241

Geografisk område endre

Skoltesamisk blir snakka for det meste i Enare kommune i Finland, og av nokre få brukarar i Murmansk oblast' i Russland. I Noreg blei språket i dei siste hundreåra brukt i bygdene Pasvik og Neiden, og iallfall på 1700-talet i heile Sør-Varanger kommune vest til Bugøyfjord, men det er no utdøydd hos oss.

Dei aller fleste talarane bur i Sevettijärvi og i Nellim i Enare kommune. Før krigen budde dei i dåverande Petsamo (russisk: Petsjenga), i Suonjel, men dei vart evakuerte til Sevettijärvi etter at framhaldskrigen tok slutt i 1945, då Petsamo-korridoren vart sovjetisk.

Alfabet endre

Skoltesamisk i Finland er skrive med det latinske alfabetet, etter eit skriftspråk som vart fastlagt relativt seint, den publiserte referansen er Sammallahti og Mosnikoff 1991. Skriftspråket er laga etter tradisjonen frå Rasmus Rask, med eitt bokstavsymbol for kvart fonem som mål, og dermed relativt mange bokstavsymbol. Her er bokstavane i det skoltesamiske alfabetet, i sorteringsrekkjefølgje. Bokstavane i klammeparantes er berre i bruk i namn og framandord.

A a, Â â, B b, C c, Č č, Ʒ ʒ, Ǯ ǯ, D d, Đ đ, E e, F f, G g, Ǧ ǧ, Ǥ ǥ, H h, I i, J j, K k, Ǩ ǩ, L l, M m, N n, Ŋ ŋ, O o, Õ õ, P p, [Q q], R r, S s, Š š, T t, U u, V v, [W w], [X x], [Y y], Z z, Ž ž, Å å, Ä ä, [Ö ö], ʹ, ʼ, ˈ

Bokstavane har same lydverdi som dei har i IPA eller t.d. tysk eller italiensk. Dei bokstavane som ikkje finst i IPA blir uttalt slik (skoltesamisk til venstre og IPA til høgre for likheitsmerket):

â = ɘ (halvopen schwa), c = ts, č = tʃ, ʒ = dz, ǯ = dʒ, ǧ = ɟʝ, ǩ = cç, õ = ɐ (halvtrong schwa), š = ʃ, ž = ʒ, å = ɔ.

I tillegg inneheld alfabetet tre diakritiske teikn (vist til slutt ovafor), nemleg desse:

 
Vegskilt til Äʹvv, det skoltesamiske museet i Neiden. Merk at alle orda inneheld mjukheitsteiknet, og altså er palatalisert.
  1. ʹ = mjukheitsteikn, Unicode MODIFIER LETTER PRIME: U+02B9 markerer palatalisering (“mjukt teikn”). Teiknet står mellom ein vokal og ein konsonant, og signaliserer at både vokalen og konsonanten har ein palatal uttale, dvs. med tunga lenger fram i munnen.
  2. ʼ = skiljeteikn, Unicode MODIFIER LETTER APOSTROPHE: U+02BC, viser at bokstavane på kvar side av teiknet vert uttala separat.[1]
  3. ˈ = lengdeteikn, Unicode MODIFIER LETTER VERTICAL LINE: U+02C8 vert skrive mellom to identiske konsonantar for å markere at den føregåande diftongen er kort.[2] Teiknet vert berre brukt i ordbøker og undervisningsmateriell, ikkje i vanleg rettskriving.

For ei meir detaljert forklaring av lydverdiane for dei ulike bokstavane, sjå skoltesamisk fonologi.

Grammatikk endre

Fonologi (lydlære) endre

For meir om dette emnet, sjå Skoltesamisk fonologi.

Skoltesamisk har ti vokalar, som kan vere lange eller korte. Skoltesamisk har 12 diftongar, som også kan vere korte eller lange. Dei lange diftongane har trykket på første del av diftongen, men dei korte har det på andre del.

Skoltesamisk har, som dei fleste andre samiske språk, stadieveksling.

Morfologi (formlære) endre

For meir om dette emnet, sjå Skoltesamisk morfologi.

Skoltsamisk substantiv har 9 kasus, 3 grammatiske, 2 lokale og 3 andre adverbiale.

Skoltesamiske pronomen blir bøygd i eintal, total og fleirtal.

Syntaks (setningslære) endre

For meir om dette emnet, sjå Skoltesamisk syntaks.

Skoltesamisk syntaks skil seg ikkje radikalt frå syntaksen til dei samiske grannespråka. Ein minimal skoltesamisk nominalfrase består av eitt substantiv eller pronomen. Substantivet kan bli modifisert av eitt eller fleire ord, slik:

  • demonstrativ + possessiv + kvantor + adjektiv/partisipp + substantiv

I tillegg til modifikatorane før substantivet kan nominalfrasen også ha ei relativsetning etter seg.

Skoltesamisk språkhistorie endre

For meir om dette emnet, sjå Austsamisk språkhistorie.

Skoltesamisk er eitt av dei austsamiske språka. Dei austsamiske språka går attende til ursamisk. Dei mest markante skilnadene mellom austsamisk og dei vestlege samiske språka er dels at delar av konsonantismen er meir konservativ (t.d. er konsonantsamband som *nd bevart i austsamisk, men assimilert til dd i vest), og dels at dei austsamiske språka har gjennomgått ein storstilt apokope, der trykklette korte vokalar har falle bort.

Alle dei austsamiske språksamfunna vart kristna austfrå, og ikkje vestfrå, og skoltesamisk var fram til 1922 ein del av Russland, så lånord frå tidleg moderne tid og fram til Petsamo-området vart finsk kom frå russisk.


Skoltesamisk i samfunnet endre

Språksituasjon endre

Skoltesamane var ved inngangen av Vinterkrigen den minst assimilerte samiske folkegruppa, med skoltesamisk som dominerande språk og med levevis som andre samar hadde gått bort frå fleire hundreår tidlegare. Vinterkrigen førte til at dei aller fleste av dei vart evakuert frå Petsamo-området til Sevettijärvi og til Nellim på det som vart verande finsk side. Der heldt det skoltesamiske språket seg i ein generasjon, til den første etterkrigsgenerasjonen, fødde i dei nye områda, sjølv fekk ungar. Kombinert med heilårsveg, snøscooter og TV, som alle kom siste halvparten av 60-talet, oppstod det ein brå språkskiftesituasjon: I 1973 fann Anna-Riitta Lindgren og Marjut Aikio at skoltesamisk skilde seg frå andre, meir assimilerte språkgrupper, ved at alle skoltesamar hadde skoltesamisk som morsmål. I 1996 fann Panu Hallamaa at ingen fødd i alderskohortane frå og med 1972 voks opp med skoltesamisk som morsmål.

Revitalisering endre

For å bevare skoltesamisk har det sidan 1997 vore arrangert språkreir, barnehagar der personalet snakkar berre skoltesamisk til ungane, slik at dei lærer språket på ein naturleg måte. Som resultat av dette veks det no opp ein generasjon av skoltesamar, der (rett nok ein liten del av) skoltesamane er tospråklege i skoltesamisk/finsk.

Offisiell status endre

Etter den samiske språklova i Finland er skoltesamisk ein av dei offisielle samiske språka i Finlands samisk område, i lag med nordsamisk og enaresamisk, og etter lova er det mogleg å få sakene sine handsama på skoltesamisk hos myndigheitene både skriftleg og munnleg.

Undervisning endre

Skoltesamisk blir undervist som B2-språk (jf. finsk skolesystem) på ungdomsskolen i Enare, og som B2- og B3-språk på gymnaset i Ivalo. Våren 2005 var det for første gong mogleg å ta studenteksamen (tilsvarande norsk avsluttande eksamen for vidaregåande skole, allmenfagleg studieretning) i skoltesamisk som framandspråk.


Sjå også endre

Bibliografi endre

Fotnoter endre

  1. Moshnikoff, Moshnikoff, Koponen & Lehtinen 2021, s. 231
  2. Moshnikoff, Moshnikoff, Koponen & Lehtinen 2021, s. 21

Litteratur endre

  • Feist, Tim: A grammar of Skolt Saami. Manchester, 2010.
  • Aikio, Marjut og Anna-Riitta Lindgren 1973: Kielirapportti. Saamelaiskomitean mietintö 1973:46.
  • Hallamaa, Panu 1997: Unangam Tunuu and Sugestun: A Struggle for Continued Life. Hiroshe Shoji and Juha Janhunen (eds.) Northern Minority Languages. Problems of Survival. Senri Ethnological Studies 44:187-224. Osaka: National Museum of Ethnology.
  • Korhonen, Mikko. Mosnikoff, Jouni. Sammallahti, Pekka. Koltansaamen opas. Castreanumin toimitteita, Helsinki 1973.
  • Mosnikoff, Jouni og Pekka Sammallahti 1988: U'cc sääm-lää'dd sää'nnǩeârjaž = Pieni koltansaame-suomi sanakirja. Jorgaleaddji.
  • Mosnikoff, Jouni og Pekka Sammallahti 1991: Suomi-koltansaame sanakirja = Lää'dd-sää'm sää'nnǩe'rjj. Ohcejohka : Girjegiisá.
  • Moshnikoff, Satu: Muu vuõssmõs sää'mǩe'rjj.
  • Moshnikoff, S. and Moshnikoff, Jouni and Koponen, E. 2009. Koltansaamen koulukielioppi (Sää'mǩiõl ǩiõllvuä'ppes škoou'li vääras). Inari, Finland: Saamelaiskäräjät.
  • Moshnikoff, S. og J. Moshnikoff og E. Koponen og M. Lehtinen. 2021. Sääʹmǩiõl ǩiõllvueʹppes = Koltansaamen kielioppi. Sääʹmteʹǧǧ = Saamelaiskäräjät.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skoltesamisk

  Wikimedia Incubator - Wikipediaskoltesamisk