Skomakar, sit med din lest

(Omdirigert frå Skomakar, bli ved din lest)

Skomakar, sit med din lest[1] eller bli ved din lest[2] er eit norsk ordspråk som nærast kan tyda 'hald deg til det du kan' og 'prøv ikkje på noko nytt som du ikkje meistrer'.

Veggmåleri av Giorgio Vasari som viser møtet mellom Apelles og skomakaren.

Uttrykket har opphav i det latinske sutor, ne ultra crepidam. Plinius den eldre fortel i si Naturalis Historia [XXXV, 85[3] (Loeb IX, 323–325)] at den greske målaren Apelles utbraut dette etter at ein skomakar skal ha sagt noko om fottøyet i eit av bilda hans, før han byrja å kritisera heile bildet. I teksten til Plinius seier han ne supra crepidam sutor iudicare.

KjelderEndra

  1. Aasen, Ivar (1856). Norske Ordsprog. Christiania: Werner. s. 77. 
  2. «leist» i Nynorskordboka.
  3. Simpson, John (2009). A Dictionary of Proverbs (5 utg.). Oxford: Oxford University Press.  ISBN 0-199-53953-7; ISBN 978-0-19953-953-6.
  • Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 19, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 981.