Giorgio Vasari (30. juli 151127. juni 1574) var ein italiensk kunstmålar, arkitekt og kunsthistorikar. For ettertida er han særleg kjend for sine biografiar over berømte italienske kunstnarar.

Giorgio Vasari

Statsborgarskap Den florentinske republikk, Storhertugdømet Toscana
Fødd 30. juli 1511
Arezzo
Død

27. juni 1574 (62 år)
Firenze

Yrke kunstmålar, arkitekt, kunsthistorikar, skribent, biograf, kunstteoretiker, estetiker, bygningstegner
Språk italiensk
Medlem av Accademia delle Arti del Disegno
Far Antonio Vasari
Mor Maddalena Tacci
Ektefelle Niccolosa Bacci
Giorgio Vasari på Commons

Liv og gjerning endre

Vasari var fødd i Arezzo i Toscana, der faren livnærte seg som keramikar. Etter råd frå syskenbarnet Luca Signorelli vart han i ung alder elev av Guglielmo da Marsiglia, ein dyktig målar av farga glas. Då han var 16 år sende kardinalen Silvio Passerini han til Firenze for å studere hos Andrea del Sarto og hos elevane hans; Rosso Fiorentino og Jacopo da Pontormo.

 
Vasari-korridoren

Vasari byrja som kunstmålar. Dei manieristiske måleria hans var meir beundra i samtida enn i ettertida. Han var fast tilsett hos Medici-familien i Firenze og Roma, og han arbeidde i Napoli, Arezzo og andre stader. Mange av bileta hans finst, dei viktigaste er vegg- og takmåleria i det store Sala di Cosimo i Palazzo Vecchio i Firenze. Der arbeidde han og assistentane hans frå 1555.

Vasari tok òg oppdrag som uavhengig arkitekt, og var på det feltet meir vellykka enn som målar. LoggiaenUffizi-palasset i Firenze er eit sjeldant stykke urban planlegging som fungerer som ein offentleg plass. Om ein ser på den som ei kort gate, er det ei renessansegate med unik arkitektonisk utforming. Denne passasjen, som no heiter Vasari-korridoren, knyter saman Palazzo Vecchio med Palazzo Pitti på den andre sida av elva. Vasari stod også for restaureringa av mellomalderkyrkjene 'Santa Maria Novella' og 'Santa Croce'. I 1562 bygde Vasari den åttekanta kuppelen på toppen av basilikaen Madonna dell'Umiltà, eit framifrå døme på arkitekturen under høgrenessansen.

I 1547 bygde Vasari seg eit flott hus i Arezzo som han innreidd med store måleri, både på veggar og i kvelvingar. Huset er i dag museum. Han fekk plass i bystyret for fødebyen, der han steig til høgste posisjon som 'gonfaloniere'.

Kunsthistorikar endre

 
Tittlsida på andreutgåva av Vasari si bok om kunstnarar, 1568

Vasaris mest kjende verk er Le vite de' piú eccelenti architetti, pittori e scultori italiani, som kom ut i 1550 i Firenze. Boka granska liva og arbeida til mange renessansemålarar, -skulptørar og -arkitektar frå Italia. Ettersom han personleg kjende fleire av kunstnarane, vart mange av livssogene både levande og truverdige. Han skreiv berre om personar som var døydd eller hadde slutta å arbeide. Det einaste unnataket var venen Michelangelo. Boka er delt i 14 kapittel og omtalar 24 ulike kunstnarar. Verket gjev lesaren eit godt innsyn i dei økonomiske føresetnadene som kunstnarane arbeidde under. Det presenterer også sin eigen teori om korleis ein lagar vakker kunst.

År 1530 nytta Vasari omgrepet gotikk, og 20 år seinare brukte han ordet «renessanse», som tyder 'gjenføding'. Han er også den som kom opp med namnet «Mona Lisa» på Leonardo da Vinci sitt berømte bilete.

Vasari døydde i Firenze den 27. juni 1574.

Kjelder endre