Ein skonnert er eit gaffelrigga seglskip med minst to master. Dei tomasta skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormasta som aktermast. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved stormasta er primært gaffelriggrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelrigg.

Den tomasta franske marineskonnerten «Étoile» — ein typisk toppseglskonnert.
Den tremasta slettopparen Linden frå MariehamnÅland.

Namnet «skonnert» kjem frå det skotske ordet schoon, som tyder å hoppa/spretta bortover sjøen, som når ein kastar flate steinar og får dei til å spretta bortover vassflata.

Ein skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Den reint gaffelrigg skonnerten blir kalla «slettoppar» og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju master. Polarskipet «Fram» var rigga som ein slettoppa skonnert. Toppseglskonnerten er sneseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemasta, og ofte òg på stormasta.

Typisk skonnertbrigg fra siste halvdel av 1800-tallet.

Ein skonnertbrigg eller brigantin har to master, med skværseglrigg på fokkemasta og sneseglrigg på stormasta. Fokkemasta er tredelt med mers og stormasta er todelt med saling, som er typisk for skonnertriggen. Dette er såleis ein blandingsrigg og han har også vorte kalla «hermafroditt-brigg» og «halv-brigg». I norske 1800-talskjelder er skonnertbrigg eller brigantin oftast kalla «skonnert» og det har ført til mange misforståelsar. Misforståelsane kan være at en antek at båten er omrigga og i leksikon[treng kjelde] er denne blandingsriggen fremstilt som ein rein skonnert.

Tremasta skonnertar med skværsegl på fokkemasta og sneseglrigg elles blir kalla skonnertbark eller skonnertskip.

Kjelder endre

  • Jens Kusk Jensen:Haandbog i praktisk sømandsskab.1924,1982. side 120.