Skottet i Buvika er eit dramatisk musikkspel av Idar Lind (tekst) og Knut Anders Vestad (musikk).

Bakgrunn endre

Ein einaste gong har det gått med liv i samband med ein norsk arbeidskonflikt. 20. september 1913 vart den streikande møllearbeidaren Marius Folstad drepen av streikebrytaren Alf Egset ved Piene Mølle i Buvika ved Trondheim. Aftenposten reagerte med å leggje skylda på arbeidarrørsla: ”Det drypper blod af dine fingre, Martin Tranmæl.” Denne hendinga er utgangspunktet for det dramatiske musikkspelet Skottet i Buvika (urpremiere 1. mai 2008).

Drapet førte til at ein liten streik i eit lite bygdesamfunn vart ein stor nasjonal konflikt. Boikotten av blodmjølet vart ikkje berre ein trussel mot Piene Mølle, den førte til at arbeidsgjevarane varsla lockout av førti tusen arbeidarar på landsbasis. Den radikale delen av fagrørsla ville reagere med sympatistreik. Konflikten delte Buvika, den delte det norske samfunnet og den delte arbeidarrørsla.

Skodespelet endre

Manuskriptet til Skottet i Buvika er skrive av Idar Lind, musikken av Knut Anders Vestad. Stykkjet blir spela der hendingane fann stad, i friluft ved sjølve mølla. Dette er truleg det einaste teaterstykket i Noreg som blir spela ved eit industrianlegg der produksjonen må stansast under framføringa. På scenen står meir enn hundre aktørar, profesjonelle og amatørar. Det grunnleggjande uttrykket i musikken er rock, men den spenner over mange ulike sjangrar.

Trond-Ove Skrødal frå Trøndelag Teater har rolla som den danske møllemeisteren Lars Sørensen, mens norsk-danske Hege Tokle er fru Marie Sørensen. Som drapsofferet, den streikande Marius Folstad, møter vi Olve Løseth. Jeanette Krommen spelar Randine Nilsen som er dotter av ein streikebrytar og har barn med Marius. Tore Berntsen Granås er den radikale fagforeningsleiaren Elias Volan. Rockevokalisten John Magnus Nilsen har sin teaterdebut som drapsmannen Alf Egset. Gunn Mogseth er Sofie Havn, den unge kvinna som blir tilsett som kokke for streikebrytarane.

På scenen finn vi også ei rad amatørar saman med Buvik songlag, Koret Våren og Eggkleiva mannskor. Regien er ved Rolf Losnegård, koreograf er Anett Hjelkrem, orkesterleiar Trond Hustad. Produsent er kulturfestivalen Kristin på Husaby.