Opna hovudmenyen

Idar Lind (fødd 23. september 1954) er ein norsk forfattar. Han har skrive romanar, skodespel, filmmanus, songtekstar og sakprosa.

Idar Lind
Idar-lind.jpg
Fødd 23. september 1954
Otterøya
Yrke skodespelforfattar, skribent, forfattar
Idar Lind på Commons

BiografiEndra

Lind voks opp på Otterøya ved Namsos. Han er utdanna cand. mag. med faga kjemi, biologi og drama/film/teater. Lind var medlem av visegruppa JeremiA/S Bakfot frå 1976 til 1980. Han var tilsett som organisasjonssekretær i Norsk Vise- og Lyrikkforum i tida 1980-1981 og redaktør for medlemsbladet til Den norske Forfatterforening 1988-1991. Han var medlem av styret for Den norske Forfatterforening 1994-2000, Tekstforfattarfondet 2002-2004, Norsk forening for komponister og tekstforfattere (NOPA) 2007-2009 og varamedlem i styret for KOPINOR 2008-2011. Frå 1995 til 2007 dreiv han nettstaden Litteraturnettet.

Lind debuterte som romanforfattar i 1983, som dramatikar i 1990. Lind sine skodespel er oppført mellom anna på Trøndelag Teater og Det norske teateret. Eitt av skodespela er filmatisert for fjernsyn av NRK. Han har skrive visetekstar og songtekstar for mellom anna D.D.E. og teater.

Som krimforfattar har Lind skrive under eige namn og under pseudonyma António Steen og Telma B.S. Hansen. Overkonstabel Telma B.S. Hansen og nattportier Steen opptrer både som hovudpersonar i bøkene og forteljarar av eigne og kvarandre sine historier. Bøkene refererer ofte til eit felles miljø kring Trondheim politikammer. Det same miljøet vert skildra av forfattarane Fredrik Skagen, Kim Småge og Anne Birkefeldt Ragde. Lind sine romanar inneheld mykje kulturhistorie knytt til Trondheim i tida frå 1980 til 2000.

SkodespelEndra

FjernsynsfilmEndra

BibliografiEndra

  • Bakfot bok – Visehefte (1980)
  • Stengte dørerRoman (1983)
  • Hotell TordenskjoldKriminalroman (1985) (1. pris i Aschehoug sin konkurranse om beste spenningsbok)
  • Vår egen lille verden - Studentersamfundet i Trondhjem 1910-85 – Sakprosa (1986) (Saman med Gunnar Strøm)
  • Ormens gift – Kriminalroman (1986)
  • Drakeblod - Det kvite spydetUngdomsroman/Fantasy (1988)
  • 13 takters blues – Kriminalroman (1989)
  • Drakeblod - Vegen til Åsgard – Ungdomsroman/Fantasy (1989)
  • Drakeblod - Den siste dronninga – Ungdomsroman/Fantasy (1991)
  • En mann må gjørra de'n må – Drama (1992)
  • De beste blandt dere – Roman (1992)
  • Som to dråper blod – Kriminalroman (1993)
  • Usynlige spor – Kriminalroman (1994)
  • Hysj – Kriminalroman (1996)
  • Kark – Roman (2000)
  • Norrøn mytologi frå A til Å – Sakprosa (2005)
  • Kvinnene i Rinnanbanden – Sakprosa (2011)

PrisarEndra

BakgrunnsstoffEndra