Skouries-gruva
Skouries-gruva er ei gull- og kopargruve i Khalkidikí i Sentral-Makedonía nord i Hellas. Ho er under utvikling av det kanadiske føretaket Eldorado Gold som ei kombinert dagbrot- og sjaktgruve.[1]
Skouries-gruva | |||
gruve | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Provins | Sentral-Makedonía | ||
Eigar | Eldorado Gold | ||
Skouries-gruva 40°28′21″N 23°42′12″E / 40.47238889°N 23.70325°E |
Skouries er ein førekomst av gull-kopar-porfyr i det serbisk-makedonske massivet i nordaustlege Hellas.[2]
Utbygging
endreUtbyggingsplanen for Skouries har to fasar:
Fase 1 (2019-2027)
Fase 1 omfattar ei blanding av dagbrot og gruvegraving i 9 år, med ein planlagt totalproduksjon på 1,4 millionar ounce (nær 40 tonn) og 620 millionar pound (ca. 280 000 tonn) kopar.
Fase 2 (2028-2042)
Fase 2 omfattar gruvedrift under jorda i 15 år etter avsluttinga av fase 1. I faste 2 venter ein å produsera 1,7 millionar ounce gull og 850 millionar pound kopar.
Motstand mot gruvedrifta
endreMange lokale innbyggjarar har motsett seg utbygginga av gruva, som dei meiner kan ha stor påverknad på miljøet, turisme og landbruk i området. Folk har demonstrert mot gruva i fleire år, og stengt nasjonale vegar, men utbygginga har fortsett.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Skouries». eldoradogold.com. 2017. Henta 16. februar 2017.
- ↑ «Skouries». eldoradogold.com. 2017. Henta 16. februar 2017.
- ↑ Tsavdaroglou, C., Petrakos, K. and Makrygianni, V. (2017). The Golden “Salto Mortale” in the Era of Crisis: Primitive Accumulation and Local and Urban Struggle in the Case of Skouries Gold Mining in Greece. City, 21(3-4), 428-447.
- Denne artikkelen bygger på «Skouries mine» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.