Skrin er ei lita kasse med lokk og ofte utstyrt med lås, nytta til lagring av til dømes smykke (smykkeskrin), sysaker (syskrin) eller andre småting. Eit skrin er såleis ei lita kiste, ikkje større enn at det til dømes kan setjast inn i eit skåp.

Smykkeskrin.
Eit større syskrin med bein.

Relikvieskrin endre

 
Eit gylt relikvieskrin, Vatnåsskrinet, frå 1200-talet frå Vatnås kyrkje i Buskerud i Noreg. Skrinet er no i Nationalmuseet i København.

Nemninga skrin vert òg nytta om kasser som innheld relikviar, såkalla relikvieskrin eller relikvarium, og kan då vere så store og lange at dei kan innehelde eit heilt menneske. Rituelt å leggje eit lik eller ein relikvie av eit heilag menneske i eit relikvieskrin vert kalla å skrinleggje.

Uttrykk som gjeld skrin endre

Uttrykket skrinleggje vert no ofte nytta i den moderne meininga «å leggje bort ei sak, å leggje til sides ein plan» og liknande.