Bladstilling

(Omdirigert frå Skruestilte blad)

Bladstilling eller fyllotaksis er eit botanisk uttrykk som tek for seg korleis blada på ein plante sit på stengelen i høve til kvarandre. For plantene er det viktig at blada lagar minst mogleg skugge for kvarandre, så dei er gjerne spreidde ut på ulike vis. Det er fire grunnleggjande bladstillingar:

Blada er plassert på planten slikt at dei får mest mogleg lys.
a. Skruestilt , b. Motsett (rotasjon 90°) c. motsett - ikkje rotert, d. kransstilt.
  • Skruestilt, også kalla spreidd eller alternerande. Her sit blada eitt og eitt i ein skrue oppover stengelen. På ein viss sted på stengelen sit det berre eitt blad. Rotasjonsvinkelen mellom to blad som står etter kvarandre varierer, men i høve til ein heil rotasjon kan han som regel uttrykkast som ein brøk der teljaren er eit fibonaccital og nemnaren er det påfølgjande fibonaccitalet, som 1/3, 2/5, 3/8, 5/13 og vidare.
  • Motsett - her sit blada parvis, eitt på kvar side av stengelen og festa i same leddknute. Ofte sit bladpara krossvis, altså 90° rotert i høve til føre og neste par.
  • Kransstilt - liknar på motsett bladstilling, men det sit meir enn to blad på kvar leddknute. Vanleg bladtal i kvar krans er 3, 4, 6, 8, men det finst også andre tal.
  • Rosettstilt - her sit alle blada ved bakken. Planten har ofte berre ein stengel som også kan ha blad, men disse blada er ofte annleis og mindre enn rosettblada.

Biletdøme endre

Kjelder endre