Skuggeforfattar eller ghost writer[1] er ei nemning for ein forfattar som ikkje er namngjeven som opphavsperson, men skriv tekstar på oppdrag for ein annan person som er den namngjevne forfattaren.[2]

Slike forfattarar blir gjerne nytta av kjendisar og politikarar.[2] Dei kan også nyttast for populære forfattarar der ein vil dra nytte av forfattarnamnet, eller i nokre høve oppdikta pseudonym som ein eller fleire skuggeforfattarar står bak.

Kjelder endre

  1. «På godt norsk – avløserord». Språkrådet. Henta 6. august 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Ghost writer». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 6. august 2018. 
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.