Skylab
Skylab var den fyrste romstasjonen som amerikanarane sende i omlaup rundt jorda. Den 75 tonn tunge stasjonen sveiv rundt jorda frå 1973 til 1979, og fekk besøk av mannskap frå jorda 3 gonger frå 1973 til 1974.
Historie
endreSkylab vart skoten opp utan mannskap den 14. mai 1973 av ein totrinns Saturn V-rakett. Knapt eit minutt hadde gått før restar frå beskyttelseskjolden sleit av det eine solpanelet og skadde det andre panelet. Etter di det skadde solpanelet ikkje folda ut skikkeleg, fekk romstasjonen dimed eit alvorleg underskot av elektrisitet. Då mannskapen på Skylab 2(sjølve stasjonen bar namnet Skylab 1 då han vart skoten opp) vart send opp den 25 mai 1973, freista mannskapen å manuelt rette ut solpanelet. Då dette ikkje gjekk, sette dei i staden opp ein medbrakt "parasoll" som gav nok elektrisitet til å få ned temperaturen i romstasjonen, slik at mannskapen kunne gå om bord.
Etter at den siste besetninga forlét Skylab den 8. februar 1974, var meininga att Skylab skulle fortsetja å kretse runt jorda fram til byrjinga av 1980-talet, men på grunn av auka solaktivitet ekspanderte jordatmosfæren og banen til Skylab sokk dimed raskare enn det ein hadde rekna med. Skylab styrta den 11. juli 1979.
Skylab-ferdene
endreSkylab 1 var oppskytinga av sjølve romstasjonen | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Oppdrag | Frå | Til | Total tid | Omlaup rundt jorda | Besetning | Forskningsoppgåver |
Skylab 2 | 25. mai 1973 | 28. juni 1973 | 28 dagar, 50 minutt | 404 | Charles Conrad Paul J. Weitz Joseph P. Kerwin |
Solobservasjonar Jordfotografering Boimedisinske eksperiment |
Skylab 3 | 28. juli 1973 | 25. september 1973 | 49 dagar, 11 timer | 858 | Jack L. Bean Jack R. Lousma Owen K. Garriott |
Biologiske eksperiment Rom-medisin Solfysikk Astrofysikk Jordobservatsjonar Teknologi |
Skylab 4 | 16. november 1973 | 8. februar 1974 | 84 dagar, 1 time | 1 214 | Gerald P. Carr William R. Pogue Edward G. Gibson |
Biologiske eksperiment Rom-medisin Solfysikk Astrofysikk Jordobservasjoner Teknologi |