Ein Slåttekrins tyder ei gruppe av slåttar med sams motivgrunnlag, innanfor eit tradisjonsområde eller over eit større område. Ordet er laga av Eivind Groven, og nytta som kategoriseringsverkty i Hardingfeleverket. Slåttekrinsane kan vera små, med to eller tre slåttar, eller store, med opp til 20 skyldte slåttar eller meir (Vandreslåttar).

Eivind Groven skjøna tidleg at slåttar kunne henge saman i grupper, og han hadde eit musikalsk instinkt for å skipa til desse gruppene. To slåttar med same tematiske opphav eller struktur vart sette i same krinsen. Dei kunne syne seg å koma frå same kjelda, utvikla i kvar si lei av ulike spelemenn. Slik gjev slåttekrinsane verdefull informasjon om korleis slåttane har vokse fram og endra seg over tid.