Hardingfeleverket

Hardingfeleverket er den vanlege nemninga på sjubandsverket Norsk folkemusikk, som vart utgjeve mellom 1954 og 1981. Dei opphavlege redaktørane var Arne Bjørndal, Truls Ørpen og Eivind Groven.

Redaksjonssoge endre

Fram til 1950-åra hadde Bjørndal, Ørpen og Groven samla slåttar på kvar sin kant i mange år. Arbeidet med å få samla og utgjeve alt materialet i eitt tilgjengeleg verk vart påbyrja gjennom initiativ frå Arne Bjørndal og Ole Mørk Sandvik. Professor Olav Gurvin var hovudredaktør. Slåttane vart katalogiserte etter form, og så godt det let seg gjera etter alder. Dette siste var ikkje så greitt, og i dei seinare banda vart denne tanken vraka.

Gurvin skreiv i føreordet til første bandet:

Våren 1954 gjorde Norges almenvitenskapelige forskningsråd opptaket til denne folkemusikkutgåva som byrjar med hardingfeleslåttane. Etter framlegg frå O. M. Sandvik vart det så skipa ei nemnd av statsstipendiat Arne Bjørndal, komponisten Eivind Groven og lærar og statsstipendiat Truls Ørpen med Sandvik sjølv som formann, og nemnda byrja det førebuande arbeidet. Då underskrevne same året kom attende frå USA, bad Sandvik om å verta friteken for dette arbeidet av di han heldt på med våre religiøse folketonar. Eg vart beden om å taka over og har sidan vore leiar for arbeidet.
Det var på høg tid at dette arbeidet kom i gang, av di det har vore eit stort sakn at så mykje av folkemusikken vår berre har lege i manuskript og har vore vanskeleg å få tak i. Ikkje minst gjeld dette hardingfeleslåttane. Det var og ei lukke at dei tre folkemusikksamlarane Bjørndal, Groven og Ørpen vart med i dette arbeidet med desse slåttane, for dei er sjølve nokre av våre hævaste spelemenn og eig god gamal tradisjon.....
...Føremålet med denne utgåva er å velja ut dei rette slåttane, skipa dei, nemna kjeldene for dei så langt attende som ein kjenner, peika på skyldskap mellom dei og visa til dei viktigaste kjeldene for tradisjon om dei. Vi fann det og best og ta med slåttestevet til dei slåttar som hadde det, av di dette mest alltid har samanheng anten med sjølve slåtten eller med tradisjonen til han. Til å skilja greidleg ut melodien er denne sett med litt større notar enn fylgjetonane (Olav Gurvin).

Verket vart altså tenkt vitskapleg, og nemnda såg føre seg ni band i alt, medrekna lydarslåttar og bruremarsjar.

Ettersom arbeidet skreid fram, fall dei opphavlege redaktørane frå. Eivind Groven sat med mesteparten av det redaksjonelle arbeidet til han døydde i 1977, og verket vart ferdigstilt ved Sven Nyhus og Reidar Sevåg i 1981. Då var talet på band oppe i sju, og hadde fått med det meste av slåttenedskrifter frå Hardingfeleområdet. Sven Nyhus har seinare arbeidd med eit åttande band, som tek føre seg reiselåttar, bruremarsjar og lyarlåttar.

Fram til Eivind Groven la arbeidet frå seg kring 1973, hadde arbeidet hatt eit smalt budsjett å halde seg til. Etter 1973 vart det meir innkniping på forskingsmidla, og det var på den tida rekna som truleg at verket hadde stogga der. Groven sat då att med ei rad slåttenedteikningar som ikkje var trykte. Dei to siste banda i serien vart pressa gjennom frå universitetshald etter at Groven var daud, i eit noko enklare format enn dei førre banda. Dei to siste banda vart ferdigstilde ved hjelp av Norsk Vitskapleg Forskingsråd. Reidar Sevåg skreiv følgjande i føreordet til siste bandet:

Uten forkleinelse for noen annen må det kunne slås fast, at uten Eivind Grovens spesielle innsikt og begavelse og hans vilje til å ofre så mye av sine 20 siste arbeidsår - mot en rent symbolsk betaling - ville hardingfeleverket knapt ha sett dagens lys i den form det nå har fått.

Frå 1994 har det vore arbeidd for ein tilsvarande katalogisering av slåttar frå flatfeleområdet, i folkemusikk-krinsar gjerne omtala som flatfeleverket.

Inndeling endre

Band ein, 1958, tek føre seg slåttar i 6/8-takt, Gangarar og lausslåttar. Dei fire første banda byrjar med slåttar frå Vestlandet, og tek for det meste nedskrifter etter Bjørndal og Ørpen.

Band to (1959) og tre (1960) inneheld slåttar i 2/4-takt. Band fire, (1963), fem (1967) og seks (1979 har springar-nedskriftene. I eit tillegg til band sju (1981) er det fleire slåttar i todelt takt, mange av dei nylaga av spelemenn som Kjetil Løndal, Johannes Dale og Eivind Groven.

Kvar slåttetype har si gruppeinndeling, slik at alle slåttar i ein taktart er rekna for seg. Slik byrjar gangar i 2/4-takt frå nummer ein, og springarane likeeins. Slik kan ein lett skilja ut kor mange slåttar det er i kvar gruppe. Der det er fleire variantar av same slått, har slåttane i gruppa same nummer, med bokstavinndeling. Gangaren Førnesbrunen er ein av dei største variantgruppene, med om lag 21 variantar, katalogisert under nr 161, band III.

Verket inneheld i alt 1988 slåttenedskrifter, fordelt slik:

  • Groven 752
  • Bjørndal 622
  • Ørpen 292
  • Nyhus 283
  • Andre (Nordbø, Haugerud, Halvorsen) 39

Geografisk inndeling:

Slåtteliste endre

sjå Slåtteinndeling i Hardingfeleverket.

Mistak endre

Det er ikkje til å koma framom at det finst mindre feil i eit slikt registreringsverk. Difor kan det hende at slåttenamn er bytt om på, eller at det finst trykkfeil i notane. Variant 161a etter Olav Tjønnstaul (Gangaren Førnesbrunen) er til dømes ikkje skrive rett, og felestillet er og gale. Slike mistak vart ikkje støtt fanga opp i tide, men desse er heller få, når ein reknar slåtteverket samla. Det finst og døme på slåttar som har funne vegen til galen slåttekrins (band VII nr 521, Slidringen). Ein halling etter Per Kjepso frå Hardanger er trykt opp to gonger, som nr 7 og som nr 78 i band II. Kostnaden for dette er slåttar som ikkje vart tekne med i det heile.

Då Eivind Groven byrja med nedskrifter frå andre dalføre enn sitt eige, støtte han på problemet med takt-tyngdepunkt i springaren. Frå byrjinga skreiv han ned springarane som han var van med, på telemaksvis, og vart berre gradvis klår over mistaket. Difor har fleire springarnedskrifter i band IV ei stipla line som merkjer ut skilnaden i takt. Groven laut og gå over Bjørndal sine nedskrifter omatt, av di det synte seg at ikkje alle var like godt skrivne (Bjørndal laut prøve seg fram på feltet, sidan det var lite å vise til at slåttetranskripsjon før hans tid). Mange av Bjørndal sine tidlege nedskrifter manglar difor dei følgjetonene som er vanlege i hardingfelespel.

Professor Olav Gurvin vart tilsett av di det vitskaplege forskingsrådet kravde ein universitetsmann på laget. Gurvin vart sett til å ta seg av tillegga og kommentarane. Det synte seg med tida at dette arbeidet ikkje vart gjennomført etter planen, og laut takast omatt. Difor manglar noko av den informasjonen om slåttane som vart lova i innleidinga til band I. Andre kjelder og arkiv må difor ofte til for å få eit utfyllande bilete av tradisjonen.

Når det gjeld den røynlege inndelinga, er alle slåttane som ikkje er sette i slåttekrinsar ofte usystematisk sortert. Dette kan gjera det noko brysamt å finne fram i verket.

Kritikk endre

Alt i 1965 vart det reist kritikk mot forma verket vart presentert i (Heimen 1965). Spelemannen Magne Myhren retta merksemda mot det han oppfatta som openberre manglar ved verket. Tidleg i artikkelen skriv han mellom anna: Verket er tydeleg merkt av svelteforing, og ein del av dei ankemål eg har, er retta mot vande arbeidsvilkår, ikkje mot samlarane.

Dette er den fyrste utgåva av hardingfeleslåttar som set vitskaplege mål. Difor har eg prøvt å koma innpå problem som reiser seg for den som driv med slikt utgjevingsarbeid. Av den grunn har eg òg drege inn eit summarisk oversyn over det som før er gjort av folkemusikk-samling og -gransking i Noreg. Det er særleg for å kaste ljos over dei elendege vilkår vitskapen om norsk folkemusikk har arbeidt under...

Formuleringa "Velja ut dei rette slåttane, skipa dei" er uheldig og burde ikkje vore nytta. Me kan ikkje tala om rett og gale i tradisjonen. Frå vitskapleg synstad er alt like verdifullt. Me kan ikkje velja ut heller, for det tyder å stikke noko av materialet til sides. Kva som er meinest med å skipa slåttane er eg heller ikkje klar over. Om ein tek det i beste meining, tyder det vel å leggja manuskriptet til rettes. Det kan vel ikkje vera tenkt på nokre utsegner av Catharinus Elling: "Det bliver Optegnerens Sag at bringe papirerne i Orden", og "Jeg kommer atter til mit Prætæra censeo - stille melodien ordentlig på benene" 3b).

Myhren dreg så fram forskarane Sophus Bugge og Svend Grundtvig, som i si tid sytte for å få alle former, alle viser og melodiar med i ubrigda form. "Ingen av dei talar om rett og gale. Me høyrer heller ikkje noko om utval og skiping".

Det har nok vore eit spørsmål om kva og kor mykje ein skulle ta med i H. Alle oppskrifter, så nær som stev og litt tulling er noterte for hardingfele, og det er sagt frå i merknadene om oppskrifti er etter tulling, eller om det er restitusjon...Her burde originalane ha vore med. Likeeins burde variantane hjå Lindemann og andre vore med i original. Restitusjonane kunne ha kome i tillegg til originalane. I innleiingi heiter det at "vi fann det best å ta med slåttestevet". Det skulle seia seg sjølv og burde vore gjennomført i enno større mon...

Det kan vera vanskeleg å setja nokor fast grense for kor mange variantar ein skal ta med, og ei heilt rettvis geografisk fordeling er det vanskeleg å gjennomføre. Men utvalget i H. gjev ikkje noko heilsleg bilete av det slåttetilfanget som enno lever i tradisjonen. Og fordi denne tradisjonen ikkje er avslutta, kan det vera vanskeleg å vita kvar ein skal byrja utgjevingi. Om desse oppskriftene vert prenta, sluttar ikkje den levande tradisjonen å pulsere, og innsamlingi må halde fram... (Myhren 1965).

Spelemenn endre

Det er skrive opp slåttar etter ei lang rekkje spelemenn heilt attende til 1907. Den eldste spelemannen det er direkte nedskrift etter, er Myllarguten, den yngste Vidar Lande frå Setesdal. Dei er fordelt slik:

Telemark endre

Det er ikkje skrive opp slåttar etter spelemenn frå Nissedal, Drangedal eller lenger sør i Telemark.

Vestlandet endre

Valdres endre

Hallingdal endre

Krødsherad endre

Sigdal og Numedal endre

Agder og Setesdal endre