Slaget om Tammerfors

Slaget om Tammerfors var det avgjerande slaget i den finske borgarkrigen. Sjølve hovudslaget gjekk føre seg i Tammerfors (finsk: Tampere) i dagane 3. - 5. april 1918. Slaget vert sett på som vendepunktet i borgarkrigen og sikra at Dei kvite gjekk sigrande ut av han. Men byen Tammerfors vart lagt i ruinar av dei intense gatekampane.

Carl Gustaf Mannerheim innleidde hovudåtaket mot Tammerfors 3. april 1918 mot Dei raude styrkane, leidde av Hugo Salmela. Dette slaget vart det fyrste i Norden som vart utkjempa i ein industriby.

Etter tre dagar var slaget over og Dei kvite hadde sigra over Dei raude forsvararane. Slaget hadde kravd 2 000 døde og om lag 2 000 såra på den raude sida, medan tapet til Dei kvite var på 700 døde og ytterlegare 2 000 såra. Rundt 11 000 raude soldatar vart tekne som krigsfangar.

Kjelder endre