For slaget under romartida, sjå slaget ved Mons Algidus.

Slaget ved Mons var eit slag under den første verdskrigen som fann stad 23. august 1914 ved den belgiske byen Mons. Det var ein del om slaget om grensene, der belgiske og allierte styrkar prøvde å halda tilbake invaderande styrkar frå Det tyske keisardømet. Slaget ved Mons var dei første større kamphandlingane til British Expeditionary Force (BEF) under verdskrigen. Den britiske hæren prøvde å holda linja mellom Mons og Condé-kanalen mot dei talrikt overlegne tyskarane. Til slutt måtte britane trekka seg tilbake, særleg etter at den franske femte armeen plutseleg trekte seg tilbake. Den britiske «store retretten» langs elva Marne tok to veker og førte BEF til utkanten av Paris, der dei deltok i det første slaget ved Marne.

Slaget ved Mons
Del av slaget om grensene under første verdskrigen

A-kompaniet til 4. bataljon av dei britiske Royal Fusiliers kviler i Mons før dei byrjar kjempa i slaget ved Mons.
Dato 23. august 1914
Stad Mons i Belgia
Resultat Den tyske høgrefløyen si framrykking inn i Frankrike blei forseinka, men ikkje stopp.
Partar
 Storbritannia  Det tyske keisardømet
Kommandantar
Det britiske flagget John French
Det britiske flagget Horace Smith-Dorrien
Flagget til Det tyske keisardømet Alexander von Kluck
Styrkar
2 korps
1 kavaleridivisjonar
1 kavaleribrigade
totalt 80 000 men and 300 guns
4 korps
3 kavaleridivisjonar
totalt 160 000 menn og 600 guns
Tap
1 638 ca. 5 000

Bakgrunn

endre

Storbritannia erklærte krig mot Tyskland den 4. august 1914. 9. august byrja British Expeditionary Force overfarten til Frankrike.[1] Styrken var mykje mindre enn dei ulike kontinentale hærane. Medan den tyske og den franske hæren omfatta godt over ein million mann kvar, hadde BEF rundt 80 000 profesjonelle soldatar i to korps. BEF var truleg den best trente og mest erfarne av dei europeiske hærane i 1914.[2] Dei hadde mellom anna skytetrening som gjorde at ein britisk gjennomsnittssoldat kunne treffa eit mål med menneskestorleik femten gonger i minuttet på 300 yards avstand (ca. 270 meter) med ei Lee-Enfield-rifle.[3] Rask og presis rifleskyting spelte ei viktig rolle i slaga i 1914 som BEF var med i.[4]

 
Kart over området der BEF først opererte i 1914.

Under slaget om grensene var BEF stasjonert til venstre i den allierte linja, som strekte seg frå Alsace-Lorraine i aust til Mons og Charleroi sør i Belgia i vest.[5][6] Den britiske stillinga ved den franske flanken meinte at troppane stod i vegen for den tyske første armeen, den ytre delen av den kraftige styrken som etter Schlieffenplanen skulle omringa og knusa dei allierte styrkane.[7] BEF bidrog til å hindra denne omringinga.[8]

Britane kom fram til Mons 22. august.[9] Då var den franske femte armeen til høgre for dei allereie i kraftige kampar med dei tyske 2. og 3. armeane i slaget ved Charleroi. Etter førespurnad frå den franske kommandanten general Charles Lanrezac gjekk BEF-kommandanten, feltmarskalk John French, med på å halda Mons–Condé kanallinja i eit døgn for å verna den franske venstre flanken mot den tyske 1. armeen. Dei britiske soldatane brukte derfor dagen på å grava forsvarsverk langs kanalen.[10]

 
Slaga ved Mons og Charleroi, 21.–23. august 1914

Slaget

endre

Ved daggry 23. august byrja eit tysk artilleribombardment mot dei britiske linjene. Dei tyske åtakarane fokuserte på eit område der kanalen bøygde seg.[11] Klokka 9 byrja det første infanteriåtaket, der tyske styrkar prøvde å ta seg over fire bruer som kryssa kanalen ved dette punktet.[12] Fire tyske bataljonar gjekk til åtak ved Nimy-brua, som var verna av eit kompani frå 4. bataljon, Royal Fusiliers og ein maskingeværseksjon. Dei frammarsjerande tyske kolonnane var lette mål for dei britiske soldatane, som skaut dei på 900 meters avstand med rifler, maskingevær og artilleri.[13][14]

 
Allierte og tyske styrkar i slaga ved Mons og Charleroi 22.–23. august.

Etter store tap i det fyrste åtaket bytta tyskarane til open formasjon og gjekk til åtak igjen i ein lausare formasjon. Dette åtaket gjekk betre ettersom britane hadde mindre sjanse til å skyta mange soldatar raskt. Det var færre forsvararar enn åtakarar, og britane som vakta bruene blei hardt pressa. Særleg Nimy- og Ghlin-bruene såg harde kampar. Berre sporadiske forsterkingar og stor innsats frå dei to maskingeværbataljonane gjorde at dei tyske styrkane blei haldne tilbake.[15] Ved Nimy tok løytnant Maurice Dease kontroll over sitt makingevær etter at alle dei andre medlemmene i seksjonen hans var blitt drepne eller såra sjølv om han blei skoten fleire gongar. Etter det femte skotet blei han evakuert til førstehjelpsstasjonen, der han døydde.[16] Ved Ghlin syrte meinige Sidney Godley det andre maskingeværet heile dagen og blei verande att for ådekkja retretten til Fusiliers ved slutten av slaget. Godley overgav seg etter å ha kasta delar av geværet i kanalen for å hindra tyskarane i å ta det.[17] Begge soldatane blei seinare tildelte Victoria-krossen, dei første to som blei gjevne i den første verdskrigen.[18]

Til høgre for Royal Fusiliers var 4. bataljon frå Middlesex Regiment og 1. bataljon frå Gordon Highlanders også hardt pressa av det tyske åtaket. Begge bataljonane hadde store tap, men med forsterkingar frå mellom anna Royal Irish Regiment klarte dei forsvara bruene.[19] Dei meir talrike tyske styrkane utvida åtaket, og under dekke av bartre på ein plantasje nord for kanalen kunne dei koma tett opp til kanalen og råka britane med rifle- og maskingeværeld. Britane hadde store tap, men heldt stillingane.[20]

Britisk retrett

endre

På ettermiddagen blei det klart at den britiske stillinga var uhaldbar. I 4. Middlesex Regiment hadde 15 offiserar og 353 andre soldatar falle eller blitt såra..[21] Aust for den britiske stillinga hadde det tyske IX-korpset byrja kryssa kanalen slik at den britiske høgre flanken var truga. Ved Nimy hadde meinige Oskar Neimeyer symd over kanalen under britisk eld og operert ei svingbru slik at tyskarane kunne kryssa før han blei drepen. Dermed kunne tyskarane auka presset mot 4. Royal Fusiliers.[22][23]

Kloka 15.00 fekk den britiske 3. divisjonen ordre om å trekka seg tilbake til stillinga like søre for Mons, og om kvelden fekk 5. divisjon ein liknande ordre. Då natta fall hadde II Corps laga ei ny forsvarslinje som gjekk gjennom landsbyane Montrœul, Boussu, Wasmes, Paturages og Frameries. Tyskarane hadde laga pontongbruer over kanalen, og store styrkar nærma seg dei britiske stilingane. Dei fekk også beskjed om at den franske 5. armeen var i ferd med å trekka seg tilbake, noko som gjorde den britiske høgreflanken utsett.

24. august klokka 02.00 fekk II Corps ordre om å trekka seg tilbake sørvestover til forsvarbare stillingar ved ValenciennesMaubeuge-vegen.[24] 5. infanteribrigade av 2. divisjon, som ikkje hadde vore i store kampar, fekk rolla som baktropp. Dei heldt tyskarane attende ved Paturages, Frameries og Wasmes i om lag to timar. Begge sider leid store tap.[25] Heilt til venstre i den britiske linja måtte 14. og 15. infanteribrigade av 5. divisjon tilkalla hjelp frå kavaleriet.[26] 2. kvaleribrigade, 119. batteri Royal Field Artillery og L-batteri Royal Horse Artillery blei sende inn og dekka retretten til brigadane i fire timars intens kamp.[27]

Etter slaget

endre
For meir om dette emnet, sjå Retretten langs Marne.
 
Britiske troppar under retretten.

Ved kveldinga 24. august hadde britiske styrkar trekt seg tilbake til dei forventa nye forsvarslinjene sine ved Valenciennes–Maubeuge-vegen. Med den tyske første armeen meir talrik og tilbaketrekkinga til den franske femte armeen måtte dei britiske styrkane fortsetja retretten – I Corps til Landrecies og II Corps til Le Cateau.[28] «Den store retretten» langs Marne varte i to veker og dekte over 40 mil. Britane blei tett følgde av tyskarane og hadde fleire trefningar, som slaget ved Le Cateau 26. August, trefninga ved Étreux den 27. august og trefninga ved Néry 1. september.[29]

Begge sider kunne rekna slaget ved Mons som ein suksess: Britane hadde vore mindretalig med rundt 3:1 men klarte likevel stå imot den tyske hæren i to døgn, bita frå seg og deretter slå ordna retrett. Dei hadde beskytta flanken til den franske femte armeen, som var det strategiske hovudmålet.[30][31] Britane, som ikkje hadde kjempa på Kontinentet sidan Krimkrigen, forlét slaget med ei kjensle av å ha hatt overtaket og med ein styrkt moral. Tyskarane hadde undervurdert dei.

Tyskarane hadde likevel ein strategisk suksess, og kunne kryssa Mons–Condé kanal-linja og byrja gå inn i Frankrike. Tyskarane dreiv dei britiske og franske styrkane framfor seg nesten til Paris, før dei blei stoppa i det første slaget ved Marne.[32]

Den offisielle britiske historikaren J.E. Edmonds talde «såvidt over» 1 600 britske skadde og drepne, dei fleste i dei to bataljonane av 8. brigade som hadde beskytta kanalen. John Keegan estimerte tyske tap til ca. 5 000 mann.[33] I 1997 rekna D. Lomas tyske tap til mellom 3 000 og 5 000 mann.[34] I 2009 rekna Herwig med 1 600 britiske og ca. 5000 tyske skadde eller drepne. Kluck og Kuhl offentleggjorde ikkje tapa til den 1. armeen.[35]


Kjelder

endre
  1. George Stuart Gordon, The Retreat from Mons, p. 12.
  2. Gordon, pp. 15–16.
  3. David Lomas, Mons 1914: The BEF's Tactical Triumph, pp. 14, 62.
  4. Nikolas Gardner, Trial by Fire: Command and the British Expeditionary Force in 1914, p. 36.
  5. Ernest W. Hamilton, The First Seven Divisions, p. 3.
  6. Lomas, p. 28.
  7. Hanson Baldwin, World War I: An Outline History, p. 22.
  8. Hamilton, p. 38.
  9. Hamilton, p. 5.
  10. Gordon, p. 24.
  11. Hamilton, pp. 13–14.
  12. Hamilton, p. 14.
  13. Bloem 1916, s. 39, 41.
  14. Gordon, p. 32.
  15. Hamilton, pp. 15–16.
  16. London Gazette: nr. 28976, s. 9373–9374, 13 November 1914. Henta 2008-05-08.
  17. Hamilton, p. 16.
  18. Lomas, p. 44.
  19. Hamilton, pp. 16–17.
  20. Hamilton, pp. 18–20.
  21. Hamilton, p. 25.
  22. Allan Mallinson, 1914: Fight the Good Fight: Britain, the Army and the Coming of the First World War
  23. Reed, Paul. «Nimy August 1914». Old Front Line. Henta 6 July 2010. 
  24. Hamilton, p. 26.
  25. Hamilton, pp. 28–29.
  26. Gordon, pp. 39–40.
  27. Hamilton, p. 32.
  28. Lomas, pp. 66–67.
  29. Lomas, pp. 72, 83.
  30. Tuchman, pp. 306–307.
  31. Hamilton, pp. 37–38.
  32. Baldwin, p. 25.
  33. John Keegan, The First World War, p. 99.
  34. Lomas 1997, s. 65.
  35. Herwig 2009, s. 154.
  • Baldwin, Hanson. (1963). World War I: An Outline History. London: Hutchinson & Co. OCLC 464551794.
  • Bloem, W. (1916). «Vormarsch» [The Advance from Mons 1914: The Experiences of a German Infantry Officer] (PDF) (Helion 2004 utg.). Bremen: Grethlein. ISBN 1-874622-57-4. Henta 30 November 2013. 
  • Clarke, David. (2005). The Angel of Mons: Phantom Soldiers and Ghostly Guardians. Wiley. ISBN 978-0-470-86277-3.
  • Gardner, Nikolas. (2003). Trial by Fire: Command and the British Expeditionary Force in 1914. Greenwood Publishing Group. ISBN 978-0-313-32473-4.
  • Gordon, George (1917). The Retreat from Mons. London: Houghton Mifflin. OCLC 1893352. 
  • Edmonds, J. E. (1926). Military Operations France and Belgium, 1914: Mons, the Retreat to the Seine, the Marne and the Aisne August–October 1914. History of the Great War Based on Official Documents by Direction of the Historical Section of the Committee of Imperial Defence I (2nd utg.). London: Macmillan. OCLC 58962523. 
  • Evans, Martin. (2004). Battles of World War I. Select Editions. ISBN 1-84193-226-4.
  • Hamiltion, E. (1916). The First Seven Divisions: Being a Detailed Account of the Fighting from Mons to Ypres. London: Hurst and Blackett. OCLC 3579926. 
  • Herbert, Aubrey. (2010). Mons, Anzac and Kut: A British Intelligence Officer in Three Theatres of the First World War, 1914–18. Leonaur. ISBN 0857063669.
  • Herwig, H. (2009). The Marne, 1914: The Opening of World War I and the Battle that Changed the World. New York: Random House. ISBN 978-1-4000-6671-1. 
  • Hoeppner, E. W. von (1921). Deutschlands Krieg in der Luft: ein Rückblick auf die Entwicklung und die Leistungen unserer Heeres-Luftstreitkräfte im Weltkriege [Germany's War in the Air] (Battery Press 1994 utg.). Leipzig: K.F. Koehle. ISBN 0-89839-195-4. 
  • Holmes, Richard. (1995). Riding the Retreat Mons to the Marne 1914 Revisited. London: Jonathan Cape. OCLC 32701390.
  • Humphries, M. O.; Maker, J. (2013). Der Weltkrieg: 1914 The Battle of the Frontiers and Pursuit to the Marne (part 1). Germany's Western Front: Translations From the German Official History of the Great War I. Waterloo, Canada: Wilfrid Laurier University Press. ISBN 978-1-55458-373-7. 
  • Keegan, John. (2002). The First World War: An Illustrated History. Pimlico. ISBN 978-0-7126-8040-0.
  • Lomas, D. (1997). Mons, 1914. Wellingborough: Osprey. ISBN 1-85532-551-9. 
  • Mallinson, Alan. (2013). 1914: Fight the Good Fight: Britain, the Army and the Coming of the First World War. Random House (Google eBook). ISBN 9781446463505
  • Moberly, F. J. (1931). History of the Great War Based on Official Documents: Military Operations Togoland and the Cameroons 1914–1916. History of the Great War Based on Official Documents by Direction of the Historical Section of the Committee of Imperial Defence (IWM & Battery Press 1995 utg.). London: HMSO. ISBN 0-89839-235-7. 
  • Raleigh, W. (1922). The War in the Air, Being the Story of the Part Played in the Great War by the Royal Air Force (PDF). History of the Great War Based on Official Documents by Direction of the Historical Section of the Committee of Imperial Defence I (Hamish Hamilton 1969 utg.). London: Oxford University Press. ISBN 0-241-01805-6. Henta 5 June 2014. 
  • Reagan, Geoffrey. (1992). Military Anecdotes. Guinness Publishing. ISBN 0-85112-519-0.
  • Rinaldi, Richard A. (2008). Order of Battle of the British Army 1914. Tiger Lily Books. ISBN 978-0-9776072-8-0.
  • Smith, Robert. (2005). "Battle of Mons and the Angels of Mons". Military Heritage. August. Volume 7, No. 1 pp. 14, 16, 17, 76. ISSN 1524-8666.
  • Terraine, John. (1960), Mons The Retreat to Victory. Wordsworth Military Library. ISBN 1-84022-240-9.
  • Tuchman, Barbara. (2004) [1962]. The Guns of August. Presidio Press. ISBN 978-0-345-47609-8.
  • Tucker, Spencer (2005). World War I: Encyclopedia, M–R 3. ABC-CLIO. ISBN 978-1-85109-420-2. 

Bakgrunnsstoff

endre

Litteratur

endre