Opna hovudmenyen
Eit DeHavilland Single Otter sjøfly flyt på pontongane sine.

Pongtong (frå fransk ponton) er eit flytemiddel som kan bæra ei last, nytta i mange ulike samanhengar. Han har eit skal og innvendig er han fylt med luft eller eit luftfylt kunststoff. Ein pongtong kan vera laga av aluminium, stål, glasfiber, tre, betong eller gummi. Han kan ha eitt eller fleire innvendige rom.

Døme på pongtongar er understell på sjøfly, flyteringar for flugefiskarar, understell for flytebruer og flytebrygger.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Pongtong