Slaget ved Piacenza

Slaget ved Piacenza var eit feltslag mellom ein fransk-spansk arme og ein austerriksk arme nær Piacenza den 16. juni 1746 som ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen. Resultatet vart siger til dei austerrikske styrkane leia av Fyrst Josef Wenzel

Slaget ved Piacenza
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen
[[Fil:|300px]]
Dato 16. juni 1746
Stad Piacenza i Italia
Resultat Avgjerande austerriksk siger
Partar
Frankrike Frankrike
Det spanske riket 1701-1748 Spania
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike
Kommandantar
Frankrike Marquis de Maillebois
Det spanske riket 1701-1748 Comte de Gages
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Fyrst Josef Wenzel
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Markien av Botta d'Adorno
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Grev Maximilian Ulysses Browne
Styrkar
40 000 55 000
Tap
13 000 døde, skadde og fanga 3400 døde eller skadde
Feltog i den austerrikske arvefølgjekrigen i Italia
Campo SantoVillafrancaCasteldelfinoVelletriMadonna dell'OlmoBassignanoPiacenzaRottofreddo - Assietta

Fyrst Frans Josef I og Louis-Joseph de Montcalm medverka i slaget.

Posisjonen til Bourbon endre

Etter slaget ved Bassignana og splittinga av dei austerrikske og piemontesiske armeane, slo dei spanske og franske armeane saman planane sine. Spania ønskte å ta både Torino og Milano, men sidan franskmennene ønskte å forhandle med Karl Emmanuel stod Spania berre att med Milano. Derfor starta De Gages den spanske invasjonen av Lombardia den 28. november 1745. Den austerrikske kommandanten Fyrst Josef Wenzel av Liechtenstein trekte seg tilbake sidan den framrykkande spanske armeen stod i fare for å utslette den vesle armeen hans. Milano gav seg utan kamp og mot slutten av året var det meste av Lombardia underlagt spanjolane.

Bourbon-armeane (Frankrike og Spania) okkuperte heile Lombardia bortsett frå Mantua og om lag 1/5 av Karl Emmanuel sitt område i Piemonte-Sardinia. Det franske hoffet inngjekk forhandlingar med Karl Emmanuel i håp å bryte alliansen deira med Austerrike, medan marskalk Maillebois samstundes la omleiring på Alessandria. Etter alle forhandlingane var ferdig var Filip av Parma no herskar over det nye riket sitt.

Karl Emmanuel startar slaget om Italia på ny endre

Dresden-traktaten vart signert mellom Preussen og Austerrike den 25. desember 1745 og hadde like mykje å seie for krigen i Italia som han hadde for Sentral-Europa. Karl Emmanuel og rådgjevarane hans såg dette. Austerrike som no var fri frå krigen i Tyskland, kunne no flytte størsteparten av armeen til Italia og sidan posisjonen til Frankrike og Spania ikkje hadde endra seg, innsåg kongen at dei ikkje ville klare å stå imot austerrikarane på halvøya.

Sjølv om han framleis var i forhandlingar med Frankrike innsåg han at det var meir nyttig for Sardinia og oppretthalde alliansen med Austerrike. Karl Emmanuel var derimot lur og innsåg at han måtte skaffe seg tid fram til Austerrike hadde fullført forflyttinga til Italia. Den lettaste måten å oppnå dette på var å dra ut forhandlingane så lenge som mogeleg, fram til det var tid for å handle. Dermed gav han det franske hoffet frist til slutten av februar å kome opp med ein avtale, elles ville det verte fiendskap. Han kravde òg at franskmennene slutta omleiringa av Alessandria og franskmennene gjorde faktisk dette den 17. februar 1746.

Då 1. mars var nådd, tidsfristen var ute og austerrikarane var ferdig med forflyttinga, innsåg Karl Emmanuel at det var på tide å halde fram krigen. Den piemontesiske armeen flytta seg sakte sørover mot den franske garnisonen i Asti og Alessandria. Karl Emmanuel hadde klart å skjule intensjonane sine og gjenopna krigen i Italia den 5. mars 1746 med eit åtak på Asti. Tre dagar seinare hadde garnisonen overgjeve seg og 5000 mann vart tekne til fange av piemontesarane.

Bourbon trekkjer tilbake til Piacenza endre

Tapet av garnisonen i Asti skapte store problem for den franske armeen. Moralen fall og mot slutten av mars hadde marskalk Maillebois tapt 15 000 mann som anten hadde desertert, vorte sjuke eller var tekne til fange. Den spanske armeen til De Gage låg i ro ved Piacenza og var usikker på kva dei skulle foreta seg no når austerrikarane hadde forsterka seg i Italia. Verken han eller Filip av Parma ønskte å trekke ut av Lombardia på grunn av sinnet dette ville føre til i Madrid. Uheldigvis tok austerrikarane avgjersla for dei. Ved dyktig manøvrering av austerrikarane jaga dei Filiå frå Milano til Pavia. I april hadde Parma, Reggio og Guastalla falle til Austerrike. For å styrke dei spreidde styrkane sine bad spanjolane marskalk Maillebois om å bringe den franske armeen hans vestover slik at dei kunne slå seg saman og falle tilbake til Piacenza.

Marskalk Maillebois nølte med å forlate kommunikasjonslinjene sine gjennom Genova og sendte derfor berre ti bataljonar til Piacenza. Den spanske kong Filip V og kona hans Elizabeth Farnese gav derimot ordre til De Gages om å vere att i Piacenza, medan Ludvig XV av Frankrike ønskte å støtte forholdet innanfor Bourbon og var klar til å følgje ønsket til hans spanske onkel. Han gav derfor ordre til Maillebois om å flytte troppane sine under spansk kommando. Motvillig gjorde marskalken dette og beordra troppane sine til Piacenza. Den 15. juni møtte den spanske og den franske armeen kvarandre.

Stridande planar endre

Sidan den austerrikske armeen hadde om lag 15 000 fleire menn enn De Gages, klekte han ut ein plan som skulle gjere det austerrikske åtaket dyrekjøpt og invitere til eit spansk motåtak som godt kunne føre til siger i slaget. De Gages ønskte ikkje å stille armeen opp i den alt falleferdige byen Piacenza og gav ordre om å grave grøfter og artilleristillingar, som skulle verte forsvarslinja som austerrikarane måtte angripe. De Gages gav òg ordre til troppane om å halde utkikk i området nord for Piacenza. Med Maillebois sine troppar fekk den spanske generalen ein samla styrke på 40 000 mann, men dette hadde alt gjort eit stort innhogg i matforsyningane i området, og frå vest var ein piemontesisk arme på 10 000 mann, som klart ville gje austerrikarane eit talmessig overtak.

Så med piemontesarane berre ein dagsmarsj unna, bad den franske marskalken hardt om at dei burde gå til åtak med ein gong mot austerrikarane. Dette var sjølvsagt ei endring av den opphavlege planen. I staden for den opphavlege planen ønskte den spanske kommandanten no å halde senteret sitt lett, og konsentrere seg om flankane. Åtaket på den austerrikske venstreflanken ville medføre at dei vart pressa inn mot det austerrikske senteret. Enno meir uortodoks var at De Gages bad Maillebois ta troppane sine forbi den høgre flanken, og kome rundt på bakesida av austerrikarane. Slaget var klar til å setjast i gang den 16. juni.

Austerrikarane hadde nytta dei siste få månadane på å setje ut artilleriet sitt, erobra bourbonske utpostar og samle inn forsyningar. Den aukande moralen i den austerrikske leiren gjorde dei sikker på siger. Den austerrikske planen var enklare enn Bourbon sin. Dei skulle la Gages sløse troppane sine mot posisjonane deira før dei gjorde eit motåtak når lufta hadde gått ut av åtaket til spanjolane og franskmennene. Morgonen den 15. juni starta dei å setje troppane sine i stilling nord for Piacenza. Uheldigvis for franskmennene skjønte Grev Browne kva planane til Maillebois var og flytta troppane sine for å blokkere den franske framrykkinga. Markien av Botta d'Adorno kommanderte den austerrikske høgreflanken. Austerrikarane sat no berre å venta på eit fransk-spansk åtak.

Slaget endre

Morgonen den 16. juni opna det austerrikske artilleriet eld mot den bourbonske leiren. Samstundes starta den fransk-spanske armeen åtaket på dei austerrikske linjene. Planen til marskalk Maillebois gjekk i stå berre nokre minuttar ut i åtaket. I staden for å gå rett på den austerrikske baksida fekk marskalken sjå troppane til Browne trekke opp føre han. I tillegg hadde franskmennene dukka opp på feil stad. Den smale dalen dei flytta seg gjennom viste seg òg som ein flaskehals og så snart dei dukka opp vart dei slått ned av austerrikarane. Marskalken prøvde å flytte fleire troppar framover, men kom aldri nær austerrikarane på grunn av den intense elden austerrikarane gav dei. Til slutt rykte Browne fram og åtaket til franskmennene vart stogga.

På den andre flanken hadde Gages klart å rykke heilt fram til den austerrikske linja og troppane hans klarte å presse austerrikarane i det som no såg ut som eit jamnt slag. Grev Bärenklau klarte derimot til slutt å få det austerrikske kavaleriet ut i kamp og den spanske linja braut etter kvart saman under presset. Spanjolane flykta tilbake til Piacenza og austerrikarane jaga etter. Kl. 14 var slaget over og det same var det fransk-spanske håpet i Italia.

Etterverknad endre

Tapstala i dette slaget fortel heile soga. Austerrike mista om lag 3400 mann med om lag 700 døde. Den spanske armeen mista om lag 9000 mann og franskmennene om lag 4000. Av desse vart 4500 drepne og 4800 tekne til fange, mellom anna Louis-Joseph de Montcalm. Etter slaget evakuerte Bourbon-armeane Piacenza den 27. juni og vart følgd austover av ein austerriksk-piemontesisk arme inn i Republikken Genova.

Sjølv om slaget ikkje markerte slutten på kampane i Italia, men slaget vart likevel avgjerande fordi det gjorde slutt på håpet om eit kongedøme i Italia for Filip av Parma og austerrikarane fekk tilbake kontrollen over hertugdømet Milano dei neste 50 åra.

Kjelder endre