Regione Autonoma della Sardegna
Sardisk: Regione Autònoma de sa Sardigna
Kart som viser plasseringa til Sardinia i Italia
Hovudstad Cagliari
President {{{president}}}
Provinsar Cagliari
Nuoro
Oristano
Sassari
Sud Sardegna
Kommunar 37
Areal 24 090 km²
 - Rangering 3. (8,0 %)
Folketal (2006)
 - Totalt 1 655 677
 - Rangering 11. (2,8 %)
 - Tettleik 69/km²
Heimeside www.regione.sardegna.it

Sardinia (italiensk Sardegna; sardisk Sardigna eller Sardinnya) er den nest største øya i Middelhavet etter Sicilia. Ho har eit areal på 24 090 km² og er omgjeve av den franske øya Korsika i nord, den italienske halvøya i aust, Tunisia i sør og dei spanske Balearane i vest. Sardinia er ein konstituerande del av Italia, men har ein spesiell status som autonom region etter den italienske grunnlova.

I byrjinga av den nuragiske perioden, om lag 1500 f.Kr., vart øya kalla Hyknusa (latin Ichnusa) av mykenarane, som truleg tydde «øya (nusa) til Hyksos», folket som hadde vorte forvist av Ahmose I av Egypt om lag 1540 f.Kr. Sandalyon var det andre namnet på øya, som truleg viste til forma på øya, som ser ut som eit fotspor. Det siste og noverande namnet har vore Sardinia, etter Shardana (som invaderte Egypt, men vart slått av Ramses III i om lag 1180 f.Kr.).

Historie endre

Sardinia har vore busett i mange tusen år. I 1979 fann ein restar etter menneske frå paleolittisk tid (150 000 år sidan). I 2004 vart det i ei grotte i Logudoro funne delar av ei menneskehand som var om lag 250 000 år gamal.

 
Nuraghe Arrubiu, eit steinkompleks frå nuragisk tid. Eit anna kompleks, Su Nuraxi di Barumini, er erklært verdsarv av UNESCO.

I førhistorisk tid utvikla innbyggjarane på Sardinia handel med obsidian, ein stein som vart nytta til produksjon av dei første reiskapane. Denne aktiviteten førte sardinarane i kontakt med dei fleste andre folkegruppene i Middelhavet. Uttørka druer vart nyleg funne fleire stader og DNA-testing viste at desse var dei eldste druene i verda, datert til 1200 f.Kr. Cannonau-vinen vert laga av desse druene og kan kanskje reknast som den første av dei europeiske vinane.

I steinalderen oppstod den nuragiske sivilisasjonen på øya, som skulle vara fram til Romarriket nådde henne. Dei bygde tårnborger av stein kalla nuraghi. Rundt 7 000 av desse står framleis. At det er funne så mange store restar etter den neolittiske perioden tyder på at det har vore ganske mange innbyggjarar på øya.

Det er spekulert i at mellom anna Shardana-folket frå austlege område av Middelhavet gjekk i land på Sardinia. Shardana hadde slått seg saman med Shekelesh og andre, og danna koalisjonen Havfolka, men vart slått av Ramses III rundt år 1180 f.Kr. i Egypt. Shardana og Shekelesh vart av egyptarane kalla «folket frå dei fjerntliggande øyane», som kan tyde på at Shardana alt budde på Sardinia då egyptarane utforska området. Dei store gravene frå denne tida støtter dette, der gravsteinane er forma som skip på høgkant, delvis grave ned i jorda. I følgje nokre språkstudiar var byen Sardis (i Lydia) utgangspunktet for reisa til Tyrrenhavet, som delte det som etter kvart vart sardinarar og etruskarar.

 
Giudicati i mellomalderen.

Frå rundt 1000 f.Kr. oppretta fønikiske sjømenn fleire handelshamner langs kysten av Sardinia. I 509 f.Kr. braut det ut krig mellom dei innfødde nuragarane og dei fønikiske nybyggjarane. Fønikarane bad Kartago om hjelp og øya vart ein provins under det kartagiske riket. I 238 f.Kr., etter å ha tapt for Den romerske republikken i den første punarkrigen, måtte Kartago nedkjempe eit opprør, kalla leigesoldatkrigen, der dei tidlegare leigesoldatane ikkje hadde fått betaling. Roma nytta denne sjansen til å annektere Korsika og Sardinia utan motstand frå Kartago.

Frå 456 til 534 var Sardinia ein del av det kortvarige kongedømet til vandalane i Nord-Afrika, før det vart gjenerobra av den austromerske keisar Justinian I. I denne perioden slo mange germanske vandalar og iranske alanarar seg ned på øya. Under austromarane vart øya styrt av ein dommar i den sørlege byen Caralis. Det austromerske styret eksisterte i praksis ikkje i fjellområdet Barbagia aust på øya, og eit sjølvstendig kongedømet heldt til her frå 500- til 800-talet.

Frå byrjinga av 700-talet byrja arabarar og berbarar med plyndringstokt på Sardinia. Særleg etter den muslimske erobringa av Sicilia i 832 klarte ikkje austromarane å forsvare dei mest fjerntliggande provinsane særleg effektivt, og Sardinia vart meir eller mindre sjølvstendig. Den lokale dommaren delte øya inn i dei fire giudicati, Gallura, Logudoro, Arborea og Caralis for å betre det lokale forsvaret. I år 900 hadde desse distrikta vorte fire sjølvstendige konstitusjonelle monarki. I forskjellige periodar kom desse inn under Genova og Pisa. I 1323 sette Kongedømet Aragon ut på eit felttog for å erobre Sardinia. Giudicatoet Arborea klarte å motstå felttoget og hadde ei stund kontroll over heile øya, men den siste herskaren Vilhelm III av Narbonne, vart til slutt slått av aragonesarane i det avgjerande slaget ved Sanluri 30. juni 1409. Innbyggjarane i byen Alghero (S'Alighera på sardisk, L'Alguer på katalansk) vart forvist og katalanarar flytta inn i staden. Etterkomarane av desse talar framleis katalansk. Etter at kongedøma Castile og Aragon vart slått saman, vart Sardinia ein del av det nye Spania.

Under Spania vart sardinarane ofte tilsett av den kongelege spanske flåten. 7. oktober 1571, under slaget ved Lepanto, borda sardiske sjømenn eit tyrkisk skip og hogg hovudet av den tyrkiske admiralen. Synet av hovudet til den tyrkiske admiralen på eit spyd gav tyrkarane ein slik frykt at dei overgav seg til motstandaren. Dette var første gong tyrkarane tapte mot europearane, og signaliserte starten ein trend med militær nedgang og ei rekkje tap som tyrkarane aldri klarte å snu.

I 1718 vart Sardinia eit «sjølvstendig» vasallkongedøme under Huset Savoie, herskarar av Piemonte. I 1792 var Jean-Paul Marat, son av ein sardisk far frå Cagliari og ei sveitsisk mor, ein av triumviratane som leia den franske revolusjonen. I 1793 gjorde Sardinia opprør og kravde sjølvstende mot at dei hjelpte å slå dei fransk invasjonsstyrkane. Sjølvstyret vart innvilga i det kombinerte kongedømet Piemonte-Sardinia, men etter at den franske trugselen forsvann, tok kongen tilbake all makta si. I 1860 vart Vittorio Emanuele II, Konge av Sardinia, òg den første kongen av Italia etter å ha erobra resten av den italienske halvøya.

Den politiske filosofen Antonio Gramsci er truleg den mest kjende personen frå Sardinia. Han var fødd i Ales i 1891.

Geografi endre

 
Provinsar i Sardinia.
 
Satellittbilete

Mellom Sardinia og Korsika ligg Bonifaciosundet.

Sardinia er delt inn i fire provinsar:

Dei følgjande fire provinsane er oppretta av dei sardiske styresmaktene, men er framleis ikkje anerkjend av den italienske regjeringa:

Natur endre

Sardinia har mange uvanlege dyre og planteartar, som middelhavsmunkesel og villsvin. Ein sardisk øgleart finn ein berre på Sardinia, Sicilia og Maghreb. Sardinia manglar derimot mange vanlege artar som hoggorm og murmeldyr, som ein elles finn på kontinentet. Fleire område på Sardinia er verna ved hjelp av strenge lover.

Kultur endre

Sardinia er ein av to italienske regionar der innbyggjarane er anerkjend som ein «popolo» (eit eige folk) av ei lokal lov (som ikkje er ein del av grunnlova). Den andre regionen er Veneto.

Sardinia har rike tradisjonar innan musikk. Ho er heimstad for ei av dei eldste formene av fleirstemd song, generelt kalla Canto a Tenores. Fleire store namn innan musikk som Frank Zappa, Ornette Coleman og Peter Gabriel fann øya uimotståeleg. Sistnemnde reiste til byen Bitti i dei sentrale fjellområda og spelte inn den no kjende plata Tenores di Bitti. Strupelydane som er ein del av denne songen liknar mongolsk strupesong. Ein annan fleirstemt syngestil, som liknar meir på den korsikanske Paghjella og som er liturgisk av natur, finst òg på Sardinia og vert kalla Cantu a Cuncordu.

Eit unikt instrument frå Sardinia er launeddas. Tre røyrblad produserer ein særeigen harmoni, som har røter fleire tusen år tilbake.

Tradisjonen med Cantos a Chiterra (gitarsongar) har opphavet sitt frå byplassane, der artistane konkurrerte mot kvarandre. Den sardiske kulturen lever framleis og unge menneske tar aktivt del i tradisjonell musikk og dans.

Sport endre

Cagliari er heimstad til fotballklubben Cagliari Calcio, som vart grunnlagd i 1900 og som spelar i Serie A, den italienske toppdivisjonen.

Språk endre

For meir om dette emnet, sjå Sardisk.
 
Eit røyking forbode-skilt på både sardisk og italiensk.

Italiensk er utan tvil det mest utbreidde språket på Sardinia, men sardisk vert òg mykje tala. Sardisk er eit romansk språk med latinsk opphav, men med obskure førromerske element frå mellom anna fønisk, etruskisk og språk i det nære austen. Sardisk vert framleis mykje brukt på landsbygda og nytta kulturelt i folkesongar og dikt. Som skriftleg språk byrjar det òg å få meir slagkraft, trass i hissige debattar om mangelen på standard rettskriving og kontroversielle løysingar på dette problemet. Den regionale administrasjonen har godkjend bruk av Limba Sarda Comuna i offisielle dokument.[1]

I byen Alghero i nord vert det snakka ein dialekt av katalansk (namnet på byen på katalansk er L'Alguer) etter då øya var ein aragonesisk koloni i tidlegare tider. Dei to mest utbreidde sardiske dialektane er campidanesisk, frå slettene (Campidano) som dekkjer det meste av dei sørlege områda (frå Cagliari til Oristano) og logudoroisk (Logudoro), frå dei sentrale områda og nesten til Sassari.

Transport endre

Tog på Sardinia går over heile øya, men er heller saktegåande. Nokre av dei går på smalspor. Mange turistar tar trenino verde-banen som går gjennom dei villaste områda på øya. Det går seint, men gjev dei reisande flott utsyn over naturen som ein ikkje får frå hovudvegen. Toget går frå Cagliari til Arbatax i sør og Sassari til Palau i nord.

Økonomi endre

 
Cagliari, det administrative senteret og den størst byen.

Sardinia sin valuta er, som i Italia, euro. Tradisjonelt kalla sardarane valutaen sin francu, også då dei brukte lire. Det har vore fleire gull- og sølvgruver i drift på øya.

Hovudnæringa på Sardinia er i dag fokusert på turisme (særleg rundt Costa Smeralda), industri, handel, service og informasjonsteknologi. Aukande inntekter kjem òg frå den kjende vine og gastronomi.

Turisme endre

Øya har fleire fine turistområde, mellom anna Costa Smeralda og Gennargentu. Øya er særleg kjend for strendene sine, men har òg mange andre flotte stader.

Marint og offshore endre

Saipem, ein entreprenør i olje- og gassindustrien er eit dotterselskap under Eni, opererer skipsverftet Intermare i Arbatax på Sardinia. Hovudverksemda er bygging av oljeplattformer.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sardinia
  Reiseguide for Sardinia frå Wikivoyage

Kjelder endre


 
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto

Koordinatar: 40°00′N 9°00′E