Slaget ved Trafalgar

Slaget ved Trafalgar den 21. oktober 1805 var eit sjøkrigsslag ved Kapp Trafalgar, litt vest om Gibraltarsundet, og vart utkjempa mellom Storbritannia på den eine sida og Frankrike og Spania på den andre sida, under det vert kalla den tredje koalisjonskrigen. Det innleia eit meir enn hundreårlangt britisk herredøme på verdshava. Indirekte førte slaget til Napoleons nederlag på dei europeiske slagmarkane.

William Turner: Slaget ved Trafalgar, 1806

Under slaget sigra Royal Navy, leia av viseadmiral Horatio Nelson, over den fransk-spanske armadaen, leia avg den franske viseadmiralen Pierre Charles de Villeneuve. Villeneuve hadde fått i oppdrag av Napoleon å bryte bryte den britiske blokaden av hamna i Cádiz, slik at denne kunne få støtte under ein landgang i Sør-Italia.

Den fransk-spanske flåten leid ved Trafalgar eit frykteleg nederlag. Britane erobra eller øydela 20 fiendslege skip, mellom dei den eineståande Santissima Trinidad, sjølve mista dei ikkje eit einaste kampskip. Nelson fall i slaget, men sigeren velta planane Napoleon hadde om ein invasjon av dei britiske øyane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Frans Arne Stylegar. "Nordmenn ved Trafalgar - På flere av de britiske skipene i Slaget ved Trafalgar befant det seg norske sjøfolk helt ned i 16-års alderen". 2017-09-25. Klassekampen. S. 11