Horatio Nelson

britisk admiral

Horatio Nelson (29. september 175821. oktober 1805), hertug av Bronté, var ein britisk viseadmiral i den kongelege marinen (Royal Navy). Han vann stort ry for sigrane sine i Napoleonskrigane, særleg for slaget ved Trafalgar der store delar av den fransk/spanske flåten vart øydelagd og Nelson sjølv fall.

Horatio Nelson

Horatio Nelson måla i 1799
Fødd29. september 1758
FødestadBurnham Thorpe
Død21. oktober 1805
DødsstadKapp Trafalgar
Rangviseadmiral, kontreadmiral, Kaptein
EiningRoyal Navy
KonfliktarDen amerikanske revolusjonen, Napoleonskrigane, San Juan-ekspedisjonen, Slaget ved Grand Turk, Dei franske revolusjonskrigane, slaget ved kapp St. Vincent, angrepet på Cadiz, slaget ved Santa Cruz de Tenerife, Slaget på Nilen, Angrepet på Københavns red, Slaget ved Trafalgar
AdelstittelViscount Nelson, Baron Nelson

Liv og gjerning endre

Nelson var fødd i Norfolk. Påverka av onkelen, marineoffiseren Maurice Suckling, gjekk han inn i den britiske marinen. Han steig fort i gradane, gjorde teneste hos fleire av dei mektigaste kommandantane i marinen. 20 år gammal fekk Nelson sjølv kommandoen over eit krigsfartøy. Han fekk ry for sine taktiske evner og sitt personlege mot.

Under dei franske revolusjons-krigane gjorde Nelson atter krigsteneste, for det meste opererte han i Mellomhavet. Flåten hans kjempa fleire mindre slag utanfor Toulon, den sørfranske marinebasen. I 1794 tok han del i fremste rekke då Korsika vart erobra om hausten, og bystaten Genova i 1795 tvinga til å gå imot franske interesser. Fleire gongar vart han såra i strid, ved Korsika mista han synet på eit auge.

 
Sjøslaget ved Abukir. Måleri av Thomas Luny frå 1798

I 1797 utmerkte Nelson seg som kommandør av HMS Captain under Slaget ved Kapp St Vincent. Like etter deltok han i Slaget ved Santa Cruz de Tenerife, der angrepet hans vart slått tilbake og han miste høgrearma. Året etter vann han derimot avgjerande sigrar mot Frankrike under Slaget ved Nilen. Flåten hans vart så ei tid verande i Mellomhavet for å avverje ein fransk invasjon i Kongedømet Napoli.

Den 2. april 1801 gjennomførte Nelson flåteangrepet mot Danmark på reia i København. Der etter leia han blokaden av den franske og den spanske flåten ved Toulon. Etter desse flåtestyrkane lukkast flykte unna, forfylgde Nelson dei til Vestindia og tilbake, men mislukkast i å kome til krigføring.

I 1805 tok Nelson over Cádiz-blokaden. Den 21. oktober 1805 braut den fransk-spanske flåten ut av hamna. Flåten til Nelson tvinga krigsskipa til slag ved Trafalgar. Sigeren i slaget var den største til Storbritannia til sjøs under Napoleonskrigane. Om bord i HMS «Victory» vart Nelson dødeleg såra av ein fransk skarpskytar. Liket vart ført til England, der det vart statsgravferd frå St. Pauls katedralen i London.

 
Nelson gjev siste ordren ved Trafalgar, 1805. Etter eit måleri av Thomas Davidson.

Nelsons fall ved Trafalgar sikra han rolla som ein av Storbritannias mest heroiske menn. Slagsigeren og dauden gjorde at kommandoropet «England expects that every man will do his duty», heilt opp til våre dagar, rett ofte har vorte sitert i landet.

Ved å trenge gjennom fiende-linjer braut Nelson med tradisjonell sjøkrigs-strategi, noko taktikken under slaget ved Trafalgar er eit klart døme på. Han var elles kjend for evna til å få fram det beste hos underordna, omtala som «the Nelson touch» (Nelson-grepet). Nelson sin innsats i Napoleonskrigane og hans heroiske framtoning som ein ein-arma, ein-øygd patriot bidrog til at han vart beundra og dyrka.

Minnesmerket Nelsonsøyla vart reist 1840-43 på Trafalgar Square i sentrale London.

Kjelder endre