Slaglinje er ein taktikk innan sjøkrig der fartøya grupperer seg i ei linje etter kvarandre. Slaglinjer vart teken i bruk på 1500-talet og var vanleg under seglskutetida og vidare fram til første og andre verdskrigen. Med innføringa av hangarskip vart store overflatefartøy med kanoner overflødig og bruken av slaglinje avleggs.

Britiske og danske skip i slaglinje i slaget ved København i 1801

Dei vanlegaste formasjonane var kolonne med skipa i kjølvasslinje, frontlinje med skipa formert tvers og flankeformasjon.

Kjelder endre