Slakline er ein idrett der utøvaren balanserer på eit fleksibelt band av til dømes nylon. Det er også namnet på utstyret som blir brukt i aktiviteten. Balansebandet blir spent opp mellom to festepunkt og utøvaren kan dermed gå, hoppe eller balansere på bandet.[1] Slakline skil seg frå balansering på line i materialet bandet er laga av og kor mykje bandet blir stramma før bruk.

Student som går på line ved Cambridge University

Spenninga i bandet kan tilpassast etter behov. Bandet er flatt, som gjer det lettare å gå på. Slakline kan brukast for å trene balansen, som ei form for yoga, som fritidsaktivitet eller som idrett.

Kjelder endre

  1. «slakkline». Det Norske Akademis ordbok. Henta 21. juli 2019.