Slantsy
Slantsy (russisk Сла́нцы) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg langs elva Pljussa, nær grensa til Estland, 192 km vest for Sankt Petersburg. Byen vart offisielt grunnlagd i 1934 og han fekk bystatus i 1949.
Slantsy Сланцы | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1934 1949 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
36 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
35 001 972,3 /km² | ||||
Koordinatar | 59°07′N 28°05′E / 59.117°N 28.083°E | ||||
Høgd over havet | 40 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 188560-188565 | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 81374 | ||||
Bilnummer | 47 | ||||
Nettstad: slantsy.com/ |
Namnet på byen er det russiske ordet for oljeskifer. Byen vart bygd opp på grunnlag av skifergruvene, noko som òg kjem til syne i våpenskjoldet til byen og det resulterande drivstoffet vart mellom anna nytta til å lyse opp gatene i St. Petersburg på 1800-talet. Gruvene er no stort sett stengde, på grunn av minkande lokal etterspurnad og usemje om kontraktar med Estland. Dette har medført særs høg lokal arbeidsløyse. I tillegg representerer dei nedlagde gruvene ein alvorleg økologisk trugsel mot vassforsyningane i området.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Slantsy» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.