Sloe er eit slep av greiner eller småtre (gjerne bjørk), som vert nytta for å frakte høy på vinterføre. Ei sloe vert laga ved at ein legg greinene, eller trea, tett saman på marka, for så å velta høy over dei. Så vert sidene og toppen av høydongen dekt på same måten, før det vert sett reip rundt, som så vert stramma til. Slike sloer kan så trekkast i snøen, eller leggast på ein kjelke. Når sloene ligg rett på snøen bremsa dei godt når dei vart trekte ned bratte lier. Dette var ein vanleg måte å frakta heim høy frå høyløer i marka, der det var for bratt eller ulent til å nytta hest. For husmannsfolk, som ikkje hadde råd til hest, var sloer ein rimeleg måte å få heim markahøyet på.