Småbåtregisteret
Småbåtregisteret samlar inn, samordnar og systematiserer data om fritidsbåtar, herunder opplysingar om båt, motor og eigartilhøve.
Registeret vert nytta ved identifisering av båtar og båteigarar i saker som gjeld tjuveri, skadeverk og ulykkar på sjøen. Det vert òg nytta til å legitimere eigedomsrett ved sal av fritidsbåt.
Registeret vart innført som ei obligatorisk ordning ved lov som trådde i kraft desember 1997.[1] Registreringsplikten vart oppheva desember 2002,[2] slik at registrering i småbåtregisteret no er ei frivillig ordning. Likevel kan registrering likevel vere eit krav som forsikringsselskapet set som vilkår for å forsikre fritidsbåtar.
Småbåtregisteret vert no ført av Redningsselskapet. Dei som vil stå registrerte, må betale eit årleg gebyr.
Kjelde
endre- Om småbåtregisteret på NSSR sine heimesider Arkivert 2007-10-10 ved Wayback Machine.