Smalahovesleppet er ein matfestival for smalahove som vert halden kvart år på Voss i månadsskiftet september–oktober.[1]

Festivalen har meir enn berre smalahove, og under festivaldagane vert både ølbrygging, flatbrødbaking og andre mattradisjonar syna fram i Marknadsgata på Vossavangen. Festivalen har også fått sin eigen nummererte og spesialtappa Smalahoveakevitt som berre vert selt hjå Vinmonopolet på Voss.[2]

Kjelder endre

  1. «Smalahovesleppet - Festival in Voss, Voss - Voss». www.visitvoss.no. Arkivert frå originalen 23. februar 2019. Henta 22. februar 2019. 
  2. «Smalahove Akevitt». Vinmonopolet.no (på norsk). Henta 22. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff endre