Snefrid
(Omdirigert frå Snøfrid)
Snefrid og Snøfrid er kvinnenamn av norrønt opphav. Det har namnedag den 23. september.
Det norrøne namnet Snæfríður er kjend frå Snøfrid Svåsesdotter, frille til Harald Hårfagre.
I 2009 var det 483 norske kvinner som heitte Snefrid og 37 som heitte Snøfrid.
Namneberarar
endre- Snøfrid Svåsesdotter (8-900-talet), norsk kongemake
- Snefrid Eriksmoen (1894–1954), norsk stortingspolitikar
- Snøfrid Skaare (f. 1939), norsk stortingspolitikar
- Snefrid Aukland, norsk skodespelar
Namnet i kulturen
endreCarl Nielsen har skrive ei Snefrid-suite, Op. 17, frå 1893 (revidert 1899), etter ein tekst av H. Drachmann.
Jean Sibelius skreiv stykket «Snöfrid», Op. 29, basert på tekst av Viktor Rydberg, i 1900.
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Snefrid hjå Statistisk Sentralbyrå